• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    01.03.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2744156
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 13.02.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Vil du vere sentral i utforminga av vår nye 1-10-skule i Dale?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

I Fjaler kommune er vi for tida midt inne i vårt største investeringsprosjekt, der vi byggjer ny, flott skule for elevar på 1.-10. trinn som skal samlast på Dingemoen. Vi søkjer no etter ein leiar som blir viktig i utforminga av skulekvardagen for elevar og tilsette. 

Vår nye rektor skal saman med personalgruppene førebu overgangen til 1-10-skule hausten 2021. I tillegg blir du som leiar sterkt involvert i den resterande delen av byggjeprosessen og i implementeringa av ny læreplan. Elles vil arbeidsoppgåvene det første skuleåret vere retta inn mot barnetrinnet. 

Vi ønskjer oss ein pedagogisk og administrativt dyktig leiar, gjerne med kjennskap til gjeldande lover og forskrifter. Som vår nye rektor blir du leiar av den praktiske og økonomiske drifta ved skulen, får personalansvar for dei tilsette, og har det øvste ansvaret for elevane si læring og utvikling. Det vil og bli etablert eit leiarteam på skulen som du vil leie saman med. 

Høyrast dette interessant, utfordrande og ikkje minst spanande ut? Vi meiner dette er ei unik moglegheit for den rette kandidaten, så ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon. 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og motivere medarbeidarane til samarbeid og målretta innsats for elevane si utvikling og læring
  • Vidareutvikle det pedagogiske arbeidet og kommunens satsingsområde til beste for elevane si faglege og sosiale utvikling
  • Involvere og samhandle med tilsette, foreldre og elevar om å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Forvalte skulen sine totale ressursar på best mogleg måte innan tildelte rammer

Kvalifikasjonar

  • Godkjend pedagogisk utdanning
  • Minimum tre års praksis med pedagogisk arbeid, gjerne med erfaring frå ungdomstrinnet
  • Leiarutdanning/rektorutdanning 30 stp. Kan og gjennomførast seinare
  • Kjennskap til økonomi og økonomistyring er ein fordel
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Tydeleg
  • Framtidsretta og utviklingsorientert
  • Handlekraftig, med ein inkluderande og motiverande leiarstil
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Ein spanande og viktig jobb
  • Eit hyggeleg og engasjert kollegium
  • Kommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    01.03.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2744156
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 13.02.2020