• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    21.06.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5768849
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Vil du vere med på å skape gode møteplassar for barn og unge i Øygarden?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ungdomsklubben på Ågotnes er ein møteplass for elevar på 8.-10.trinn. Klubben har ope torsdagar kl. 18.00-20.30 på Frihuset på Ågotnes.

På klubben kan ein kome for å spele spel, game, delta i ulike aktivitetar og konkurransar eller berre henge.

Ågotnesklubben er ein møteplass for barn på 5.-7. trinn. Klubben held til på Frihuset på Ågotnes, og har opningstid kvar onsdag kl. 17.30-20.00 gjennom heile skuleåret. På klubben kan ein spele brettspel, game eller vere med på ulike kreative aktivitetar. Ulike arrangement og utflukter står også på programmet.

Ungdomsklubben på Rong er ein open møteplass for elevar på 8.-10.trinn. Klubbkveldane finn stad på Øygarden ungdomsskule annan kvar onsdag kl. 18.00-20.30. På programmet står ulike spel, konkurransar og turneringar, open kiosk og kjekke utflukter.

Fritidsklubbane skal vere opne og inkluderande møteplassar med gode aktivitetstilbod. Barn og unge skal sjølv få vere med og bestemme innhaldet i klubbane.

Vi har ledig følgjande stillingar i klubbane:

  • Klubbleiar i ungdomsklubben på Ågotnes 17 % fast stilling
  • Klubbmedarbeidar i ungdomsklubben på Ågotnes 14 % vikariat 1 år (mogleg forlenging)
  • Klubbmedarbeidar i ungdomsklubben på Rong 7 % vikariat 1 år
  • Klubbmedarbeidar i Ågotnesklubben (juniorklubb) 14 % fast stilling
Arbeidsoppgåver
  • Vere aktivt til stades som ein trygg vaksen på klubben
  • Ta initiativ til aktivitetar med barna
  • Delta i planlegging av klubbkveldar
  • Førebu og gjere innkjøp av matvarer, utstyr og materiale til aktivitetar
  • Delta på personalmøte og bidra med innspel til saker
  • Bidra med marknadsføring i sosiale medium og andre kanalar
  • Det kan vere aktuelt å bidra inn i andre tiltak som ferieaktivitetar for barn når klubbane held feriestengt

Kvalifikasjonar
  • Krav om erfaring frå arbeid med barn og ungdom
  • Ønskjeleg med påbyrja utdanning på universitet/høgskulenivå
  • Kunne kommunisere godt på norsk både skriftleg og munnleg
  • God digital kompetanse er ein fordel
  • Det er ønskjeleg med kjennskap til MOT sine verdiar og gjerne erfaring frå MOT i skulen
  • Kompetanse innan kunst og handverk, musikk eller andre relevante kulturaktivitetar er positivt, men ikkje eit krav
  • Det er krav om gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
  • Du er ein trygg vaksen i møte med barn og unge
  • Du trivst med å jobbe aktivt med målgruppa og i samarbeid med andre
  • Du kommuniserer lett og presist, både skriftleg og munnleg
  • Har evne til å motivere målgruppa og skape eit godt fellesskap  
  • Du har god gjennomføringsevne

Personlege eigenskapar vil bli høgt vekta.

Vi tilbyr
  • Meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for barn og unge
  • Utfordrande, varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Deltidsstilling som kan kombinerast med studium eller andre jobbar

 

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt!

Avd.leiar Ung kultur

 Hilde Kristin Egeland – telefon 975 85 142 hilde.egeland@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    21.06.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5768849
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune