• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    10.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    9750, HONNINGSVÅG
    NORDKAPP
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4248919
  • Se her for andre jobber fra Kystverket
  • Oppdatert 08.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kystverket

Vil du vere med å forvalte norske hav- og kystområder?

Offentlige tjenester og forvaltning

Vi søker etter ein dyktig medarbeidar som kan vere med på å styrke vårt arbeid med å sikre behovet til sjøtransporten for effektiv og sikker seilas, og ferdsel i farvatnet!

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsel, mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Kystverkets visjon er å utvikle kysten og havområda til verdas sikraste og reinaste.

Det er no ledig eit vikariat på 18 månader som rådgivar i avdelinga for hav- og kystforvaltning i Kystverket. Avdelinga har til saman 22 tilsette i Arendal, Haugesund, Ålesund, Kabelvåg og Honningsvåg. Arbeidsstad for denne stillinga vil vere Honningsvåg eller Kabelvåg. Arbeidsfeltet er allsidig og variert, og ikkje minst engasjerande. Oppgåvene vil vere knytt til både saksbehandling, råd og rettleiing. 

Kvalifikasjoner:

Det er krav om:

  • Høgare utdanning innanfor områda forvaltning-, samferdsel-, samfunnssikkerheit-, juridisk- , plan- eller miljøfag, minimum på bachelornivå
  • Gode språkkunnskapar - norsk/engelsk, munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl.B
  • Gode kunnskapar i elementære dataverktøy

Det er ønskeleg med:

  • Kjennskap til digitale kartverktøy
  • Erfaring frå/kunnskap om saksbehandling og myndigheitsutøving
  • Erfaring frå/kunnskap om offentleg forvaltning, utgreiings- og planleggingsoppgåver
  • Erfaring frå/kunnskap om prosjektleiing
  • Erfaring frå forbedringsarbeid 

Personlige egenskaper:

  • Ansvarsbevisst og analytisk
  • Vedtaksfør
  • Brukarorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Initiativrik, sjølvstendig og strukturert 
  • Som tilsett skal du kunne identifisere deg med våre verdiar; framtidsretta, engasjert og påliteleg

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Ei utfordrande stilling med utviklingsmoglegheiter
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Verkemidlar for arbeidstakarar i Nord-Troms og Finnmark med lågare skatt og nedskriving av  studiegjeld så lenge Stortinget bestemmer
  • Ferieheimsordning for nokre av fyra til Kystverket
  • Fleksibel arbeidstid innanfor staten sine ordningar

Stillinga er lønna som rådgivar, stillingskode 1434, brutto kr. 543 500 (ltr. 64) til brutto kr. 604 700 (ltr. 66). 

Arbeidsstad er for tida Honningsvåg eller Kabelvåg. Oppgi ønska arbeidsstad i din søknad.

Noko reising kan påreknast.

Anna
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling. Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som
alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.

 

  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    10.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    9750, HONNINGSVÅG
    NORDKAPP
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4248919
  • Se her for andre jobber fra Kystverket
  • Oppdatert 08.01.2022