• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    10.12.2025
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6905, FLORØ
    KINN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6472486
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Vacancy

Fjord1 ASA

Vil du vere med å forme og kvalitetssikre prosessen med ombygging av Fjord1 sine hurtigbåtar?

Ferger

Vi søkjer fagpersonell til byggjetilsyn i samband med ombygging av fartøy ved verft i Sunnfjord/Nordfjord!

Har du  bakgrunn som maskinist, nautikar eller anna teknisk kompetanse og prosjekterfaring som er relevant for byggetilsyn? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

For kandidatar med maritime sertifikat og solid erfaring frå sjø, kan prosjektet opne for overgang til stilling på eit av rederiets fartøy etter leveranse.  

Vi vurderer også samarbeid med kompetente byggetilsynsressursar gjennom innleige.

Prosjektet er tidsavgrensa med ombygging og vedlikehald som varer til hausten 2026. Du får jobbe tett på verft og vere ein del av eit kompetent team med prosjektleiar, nautikar og maskinist.
Det skal gjerast arbeid med innreiingsarbeid, utrustningsarbeid og vedlikehaldsjobbar.

Tiltreding i engasjement ved byggjetilsyn er snarast råd med varigheit til siste fartøy er levert frå verft hausten 2026. I engasjementet vil arbeidsstaden vere ved verft i Sunnfjord og/eller Nordfjord, samt noko tid på hovudkontoret i Florø. Dagpendling frå tettstadar som Florø, Førde, Eikefjord, Sandane, Svelgen med meir let seg gjere. Vi tek eit atterhald på endra verftslokasjon.

Arbeidsordning:

Under byggjeperiode: Normal arbeidstid
I eventuell drift: Som skiftordninga på aktuelt fartøy

Ta kontakt for å høyre meir eller send oss din søknad!

Kvalifikasjoner:

  • Enten har bakgrunn som maskinist eller nautikar med erfaring frå hurtigbåt
  • Eller innehar anna relevant utdanning og erfaring frå design, verfts- eller utstyrsleverandørar, gjerne knytt til hurtigbåtar
  • Meistrar å nytte engelsk som arbeidsspråk,  då mykje av dokumentasjonen er på engelsk
  • Har jobba i prosjekt med fartøy gjennom verftsopphald, det vil vere ein fordel, men ikkje noko krav
  • Er generelt god på å nytte dagens datateknologi som verktøy

Personlige egenskaper:

  • Har ei systematisk arbeidsform
  • Er ansvarleg som person
  • Framstår fleksibel og løysingsorientert 
  • Har evne til å arbeide i team
  • Ønskjer å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar 

Vi tilbyr:

  • Ei viktig rolle i eit av landets leiande fergeselskap
  • Moglegheit til å påverke og vidareutvikle ein viktig del av Fjord1 si drift
  • Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø med god kultur for samarbeid
  • Utviklingsmoglegheiter både fagleg og personleg, i ein stor og trygg organisasjon
  • Marknadens beste ordningar for forsikring og pensjon?
  • Ei vidare karriere i reiarlaget som seglande personell, dersom ynskje og med rette kvalifikasjonar 
 

  • Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    10.12.2025
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6905, FLORØ
    KINN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6472486
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA