• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    05.04.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6562989
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Vil du være med å forme framtidas maritime teknologi?

Ferger

Fjord1 søker engasjert og erfaren nautikar til eit spennande engasjement i byggetilsyn for ombygging av fartøy!

 

Fjord1 skal gjennomføre 3 større ombyggingar av fartøya MF Hornelen, MF Losna og MF Nordfjord i samband med tilpassing for samband i Sogn og Fjordane. I samarbeid med kompetente tilsette ved Tersan Havyard (Leirvik i Sogn) skal vi mellom anna oppgradere framdriftslinjene på fartøya til dagsaktuell moderne, miljøvennleg teknologi.

Er du ein erfaren nautikar, gjerne med prosjekterfaring eller teknisk kompetanse som er relevant for byggetilsyn? Då vil vi gjerne høyre frå deg, dette er ei unik anledning til å vere med på utviklinga av framtidas ferjedrift i Noreg! 

Prosjektet er tidsavgrensa med ombygging og vedlikehald som varer fra hausten 2026 til hausten 2027. Du får jobbe tett på verft og vere ein del av eit kompetent team med prosjektleiar, nautikar og maskinist. For perioden på verft legg ein som utgangspunkt opp til 2 veker på byggjeverft og deretter ei veke fri. Ved særlege høve kan andre ordningar vurderast. Ved prosjektoppstart kan det måtte påreknast noko tid på hovedkontoret i Florø for å bli kjend med prosjektet.

Det må påreknast ekstra innsats i hektiske periodar ved byggeverftet, men fleksibiliteten går begge vegar. Er du ein person som ikkje er redd for nye utfordringar, og som kjenner at her kan du både utvikle deg og bidra med verdifull kompetanse? Då kan du vere den vi ser etter!   

Eksterne søkarar vil etter ferdigstilling stille sterkt dersom ein vil søke på utlyste stillingar som nautikar i Fjord1. Som selskap vil vi ha stor interesse i vidareføring av opparbeida kompetanse frå prosjektgjennomføringa inn i drifta av våre moderne og miljøvennlege fartøy.

Er du nysgjerrig på å ta del i denne viktige satsinga og samtidig sikre deg ein spennande og trygg jobb i framtidas ferjenæring? Ta kontakt!

Kvalifikasjoner:

  • Har utdanning som nautikar, og gjerne arbeidserfaring fra ferjedrift? 
  • Meistrar å nytte engelsk som arbeidsspråk,  då mykje av dokumentasjonen er på engelsk
  • Erfaring frå lengre verftsopphald vil bli vektlagt 
  • Er generelt god på å nytte dagens datateknologi som arbeidsverktøy
  • Gode ferdigheiter i bruk av selskapet sine vedlikeholds- og og styringssystem, eller evne til å tileigne seg dette
  • Det er ein fordel med kjennskap til nokon av fartøya som skal byggast om, men ikkje eit krav

Personlige egenskaper:

  • Har ei systematisk og nøyaktig arbeidsform
  • Er ansvarleg og initiativrik som person
  • Framstår som fleksibel og løysingsorientert
  • Evne til å arbeide i team
  • Ønskje om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar

Vi tilbyr:

  • Kompetansefremjande stilling innan nyskapande og framtidsretta teknologi for ferjer
  • Moglegheit til å påverke og vidareutvikle ein viktig del av Fjord1 si drift
  • Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø med god kultur for samarbeid
  • Fagleg og personleg vekst i ein stor og trygg organisasjon
  • Stiller sterkt som kandidat for vidare karriere i reiarlaget, dersom ynskje, rette kvalifikasjonar og ledige stillingar 
  • Normalarbeidstid på kontoret og turnus ved verft
  • Ei velferdsordning vi er meget stolt av, samt marknadens beste ordningar for forsikring og pensjon?
 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    05.04.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6562989
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA