Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Statistisk sentralbyrå - SSB

Vil du utvikle framtidas kompetanse?

Offentlig forvaltning

SSB må møte framtidas krav til kompetanse for å nå måla våre og vere den fremste faktaleverandøren i landet. Seksjon for HR har ei sentral rolle i dette arbeidet, og vi ser etter ein engasjert kollega innanfor kompetanse- og organisasjonsutvikling. 

Vi ser etter deg som skaper samanheng mellom overordna strategi og mål, utviklingsprosjekt og dei daglege oppgåvene. Du som blir motivert av å skape resultat saman med kollegaer. Du som har erfaring med å vere tett på leiarar og kollegaer for saman å finne gode løysingar og gi nødvendig støtte inn i det viktige utviklingsarbeidet. Du som veit kva som skal til for å lukkast med utviklings- og endringsprosessar, og som har erfaring frå prosessar og opplæring.

Du vil få eit særleg ansvar innanfor strategisk kompetansestyring saman med kompetanseteamet, og støtte leiargruppene og avdelingane i dette arbeidet. Det inneber planlegging og gjennomføring av ulike læringsløp for at verksemda skal nå dei langsiktige måla. Vi søkjer etter deg som liker å arbeide operativt med konkrete kompetanseutviklingsoppgåver, og har erfaring med og interesse for å ta i bruk ny teknologi for å støtte læring, for eksempel forfattarverktøy. I HR jobbar vi med å digitalisere tilboda våre, både den administrative støtta og ulike typar kurs og opplæring, og bidraga dine til denne digitaliseringa blir ønskt velkomen.

Vi ønskjer at du har erfaring frå utviklings- eller endringsprosjekt med ansvar innanfor prosessleiing og opplæring. Har du erfaring frå smidig utviklingsmetodikk, vil det vere ein fordel.

Dine nye kollegaer i HR består av 16 medarbeidarar som saman jobbar med oppgåver innanfor heile HR-feltet. Vi har ein uformell tone oss imellom og har tett samarbeid på tvers. Stillinga kan vere i Oslo eller Kongsvinger.

Kvalifikasjoner:

  • Høgare utdanning innan HR, organisasjonspsykologi, pedagogikk, leiing og/eller samfunnsvitenskaplege fag
  • God formidlingsevne på norsk, skriftleg og munnleg
  • Erfaring med kompetansestyring og organisasjonsutvikling, både strategisk og operativt
  • Erfaring med ny teknologi for betre læring
  • Ønskjeleg med erfaring frå utviklingsmetodikk, for eksempel smidig
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet

Personlige egenskaper:

  • Løysingsorientert, initiativrik og endringsvillig
  • Evne til å jobbe sjølvstendig med høg grad av gjennomføringsevne
  • Fleksibel og med god rolleforståing
  • Teamorientert og oppteken av å dele
  • Fagleg oppdatert og nysgjerrig
  • Å vere personleg eigna blir vektlagt

Vi tilbyr:

  • Spennande og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn som rådgivar/seniorrådgivar kr 535 200 - 682 000 etter kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderast for særleg godt kvalifiserte kandidatar
  • Eit sterkt fagleg miljø med høve til eigenutvikling, i ei verksemd med eit viktig samfunnsansvar
  • Fleksibel arbeidstid, treningstilbod og god pensjonsordning

Generelt

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/leggast ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Vi utfører bakgrunnssjekk og kontroll av dokument.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedd om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje vil bli teke til følgje vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste utformast.
  • Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Eksempel på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
  • Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst ein søkar i kvar av desse gruppene bli innkalla til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
  • Vi oppfordrar søkarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.