Bedrift
ForsvaretSøknadsfrist
25.05.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0151, OSLO
OSLO
Antall stillinger
1karriere-kode
6617810Se her for andre jobber fra Forsvaret
Forsvaret
Vil du setje fart på digital læring og kompetanseutvikling hos oss?
Er du ein sjølvstendig, strukturert lagspelar, som brenner for læring og kompetanseutvikling? Ei av våre kollegaer skal ha permisjon frå oktober, og vi søkar derfor ein rådgivar som vil vere med å styrke Forsvarsmateriells kompetanseutviklingstilbod. Vikariatet er 12 månader, med mogelegheit for forlengelse.
Som kompetanserådgivar blir du jobbe for utviklinga av læringstilbodet vårt. Du støttar og rådgir fagmiljøa våre i utvikling av kompetansetiltak, slik at vi har best mogelege føresetnader for å levere på oppdraget. I Forsvarsmateriell vil du ha mogelegheit til å arbeide med eit bredt spekter av oppgåver innanfor kompetansefeltet.
Som kompetanserådgivar vil du utvikle og etablere relevante læringsarenaer, og arbeide med nytilsettdagen i tett samspel med dyktige kollegaer i HR-seksjonen. Du vil inngå i eit team med kompetanserådgivar, og vil samarbeide tett med andre fagpersonar på tvers av etaten og i sektoren. I HR-seksjonen sit vi på ulike lokasjonar, og du må trivst med mykje digital samhandling.
Ønska oppstart 01.09 eller etter avtale.
Kvalifikasjoner:
- Bachelor innan relevant fagområde, fortrinnsvis innen pedagogikk, læring og teknologi. Anna utdanning og lang erfaring kan etter vurdering kompensere for manglande formalkompetanse
- Erfaring med kompetanseutvikling
- Erfaring med Learning Management Systems og forfattarverktøy for e-læringsproduksjon
- Kjennskap til pedagogikk og bruk av teknologi i læringsøyemed
- God teknisk forståelse
- Svært god skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk
- Du må kunne bli sikkerheitsklarert til Hemmeleg og NATO Secret. Les meir på https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/sikkerhetsklarering/slik-blir-du-sikkerhetsklarert/
Ønska kvalifikasjonar:
- Master innanfor relevant fagområde
- Erfaring med LMS'et Moodle
- Kjennskap til kompetanseleiing og kompetanseprosessar
- Erfaring frå statleg sektor
Personlige egenskaper:
For oss er personlege eigenskapar minst like viktig som utdanningsbakgrunn og erfaring du kjem med. Vi ser etter deg med som er lyttande og nysgjerrig, og god til å prioritere. Som kompetanserådgivar er det viktig å vere strukturert og løysingsorientert i møte med komplekse arbeidsoppgåver. Du er ein lagspelar, som deler kunnskap med dei rundt deg og arbeider godt sjølvstendig. Med sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner arbeider du for å oppnå det beste for etaten.Vi tilbyr:
- Jobb i eit av Noregs fremste og største militærteknologiske fagmiljø.
- Arbeide med engasjerte kollegaer og samarbeidspartnarar i eit inkluderande miljø som deler kunnskap.
- Fleksibel arbeidstid og ordning for heimekontor.
- Arbeidstiden er 37,5 timer i veka inkludert betalt lunsjpause.
- Gode pensjons- og velferdsordningar, blant anna mogelegheit for trening i arbeidstida med tilgang til treningssenter i nabobygget.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (se spk.no).
- Bedriftshelsetjeneste
- Kontorlokaler på Militærhospitalet, sentralt i Oslo på Akershus festning.
- Parkeringsmogelegheiter og nærleikt til offentleg kommunikasjon. Gangavstand til Oslo S
Lønssetting etter Statens lønnsregulativ som rådgivar kode 1434, lønnsspenn fra kr 650 000,- til kr 810 000,- brutto pr. år. Lønnsplassering etter kvalifikasjonar og Forsvarsmateriells lønspolitikk. For særleg godt kvalifiserte søkare kan høgare løn bli vurdert. Det blir trekt to prosent lovbestemt innskot til Statens pensjonskasse.
Våre tilsette kjenner seg igjen i etiske retningslinjer for statstenesta og vil vere gode ambassadørar for Forsvarsmateriells verdar vidsyn, openheit, respekt, ansvar og mot.
Vi ønsker eit variert og mangfaldig arbeidsmiljø og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke utan omsyn til alder, kjønn og bakgrunn. Les meir på Arbeidsgiverportalen, https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
I samsvar med til offentlegheitslova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkeran bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedd om ikkje å bli oppført på søkarlista. Du vil i så tilfelle bli varsla om dette.
Bedrift
ForsvaretSøknadsfrist
25.05.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0151, OSLO
OSLO
Antall stillinger
1karriere-kode
6617810Se her for andre jobber fra Forsvaret
-
Avdelingsleiar
Ål Kommune
ÅL -
Sjukepleiar - 100% vikariat i heimetenesta
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Vil du jobbe med saker som bidrar til at skatt blir rett fastsett – også når eigarskap og verdiar kryssar landegrenser?
Skatteetaten
FØRDE -
Ynskjer du ein jobb der du kan gjere ein forskjell?
Skatteetaten
NORDFJORDEID -
Ledige stillingar som barnehagelærarar i Yksnebjør barnehage – bli med på laget vårt!
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD