Company
Fjord1 ASAApplication deadline
02.12.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6900, FLORØ
KINN
Number of positions
1Career-kode
6465707Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Vil du leie folk og fartøy i ei framtidsretta maritim verksemd?
Ferger
Fjord1 er ein verdensleiane pioner innan det grøne skiftet - over halvparten av våre fartøy er elektriske, og vi utviklar verdas første sjølvgåande ferjer. Med visjonen om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, held vi stø kurs mot ei grøn framtid. Og vi veit at dei beste løysningane krev dei rette og beste folka.
I samband med at ein av våre medarbeidarar får nye utfordringar internt i selskapet, søkjer vi no etter ein operativ leiar som vil ta ansvar for dagleg drift av fleire av våre fartøy. I rolla blir du eit sentralt bindeledd mellom land og sjø – med ansvar for både resultat, bemanning og sikkerheit. Du vil vere tett på både teknisk inspektør, bemanningskoordinator og skipsførar, og bidra til eit godt samarbeid for trygg og stabil drift.
I Fjord1 får du ikkje berre ansvar – du får også moglegheit til å påverke, utvikle og løfte både folk og fartøy.
Vi tilbyr leiarskap i praksis, der du må stå støtt i grov sjø og samtidig leggje langsiktig kurs mot nye mål.
Kandidatar blir vurdert fortløpande også fram mot søknadsfrist, så ikkje nøl med å sende oss din søknad!
Kvalifikasjoner:
Du passar godt i denne rolla dersom du er ein tydeleg leiar som evnar å kombinere oversikt med gjennomføringsevne. Du trivst med å ha både folk og drift i tankane samtidig, og du er trygg i situasjonar der det krevst raske avgjerder. Som operativ leiar må du ha stø kurs – også når det skjer uventa ting – og evne å få mannskap og støtteapparat til å dra i same retning.
Rolla krev at du er strukturert, tilgjengeleg og flink til å kommunisere – både med dei som står på brua, og dei som har ansvar på land.
For å trivast og lukkast i rolla trur vi du har:
- Relevant utdanning – alternativt solid erfaring frå liknande rolle
- Erfaring frå operativ drift, gjerne med budsjett- og personalansvar
- Kjennskap til maritime regelverk og offentlege krav
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
- God systemforståing og digital kompetanse
Vi tilbyr:
Som operativ leiar får du ei sentral rolle i ein framtidsretta og samfunnskritisk del av verksemda vår. Du får påverknad, ansvar og ein variert kvardag tett på både mannskap, teknologi og leiing. Her får du jobbe med oppgåver som betyr noko – for både lokalsamfunn, reisande og det grøne skiftet.
Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar, slik at du kan føle deg trygg både no og på lang sikt. Du får fleksible arbeidsordningar som gjer det enklare å få kabalen til å gå opp – og eit sterkt fagmiljø med rom for utvikling og karrierevekst.
Arbeidsplassen din blir i våre moderne lokale i Florø, der du blir ein del av eit inkluderande og uformelt arbeidsmiljø. Vi legg vekt på samspel, fagleg styrke og god kvardagskultur – og du vil få kollegaer som bryr seg om både kvaliteten på arbeidet og menneska rundt seg.
Di utvikling som leiar og fagperson er viktig for oss, og vi gir deg gode moglegheiter for læring og vekst. I tillegg har vi attraktive velferdsordningar, som tilgang til firmaleilegheiter og hytter for ferie og fritid.
Er du klar for å gå om bord?
Send oss gjerne ein søknad – eller ta ein uformell prat med oss dersom du vil vite meir om stillinga.
Vi ser fram til å høyre frå deg.
Company
Fjord1 ASAApplication deadline
02.12.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6900, FLORØ
KINN
Number of positions
1Career-kode
6465707Look here for other jobs from Fjord1 ASA
-
Skipsførar - Prosjektressurs: Verdas første autonome fergesamband!
Fjord1 ASA
FLORØ -
Maskinsjef - Prosjektressurs: Verdas første autonome fergesamband!
Fjord1 ASA
FLORØ -
Salgsmedarbeidar Catering- Open Søknad - Vikar
Fjord1 ASA
FLORØ -
Vil du bli vår nye overstyrmann?
Fjord1 ASA
KVANNE -
Navigatørar - Open Søknad
Fjord1 ASA
FLORØ