Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
21.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6639604Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
Vestnes kommune
Vil du jobbe med byggesaker i Vestnes kommune?
Offentlig forvaltning
Tekniske tenester har ledig 100 % vikariat som bygge- og delesaksbehandlar
Vikariatet har oppstart medio august og ei varigheit på eitt år. I Vestnes kommune vil du arbeide med spennande og varierte saker – frå mindre tiltak til større utbyggingsprosjekt. Gjennom saksbehandlinga di bidreg du til å sikre god kvalitet i både bygningar og omgjevnader.
Arbeidsstad
Tekniske tenester har ansvar for arealplanlegging, plan- og byggesaksbehandling, landbruks- /miljø- /vilt- og skogsaker, drift, forvaltning og nyanlegg av kommunale vegar. I tillegg har dei ansvar for grøntområde, avløpsanlegg/avløpsreinsing, utbygging av bustadfelt og næringsområde, oppmåling, GIS, adressering, brann, feiing og tilsyn.
Arbeidsoppgåver
• Behandle bygge- og delsaker
• Rettleiing og dialog med søkarar/tiltakshavarar
• Saksførebuing for politisk behandling, og delta på møter i Planutvalet
• Gjensidig samarbeid med arealplanleggar, slik at de kan avløyse kvarandre
• Delta i ulike fagforum og samarbeid på tvers av einingar i kommunen
Kvalifikasjonar
• Utdanning frå høgskule/universitet innanfor relevant fagområde, minimum bachelor
• Relevant arbeidserfaring innan fagområdet er ønskeleg
• Vere strukturert og nøyaktig og kunne jobbe sjølvstendig og ha god kapasitet
• Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
• Kunne ha god dialog med innbyggjarar og andre
• Personlege eigenskapar blir lagt vekt på
Vi tilbyr
• Stilling med eit viktig samfunnsoppdrag og potensiale for fagleg utvikling
• Møte mange og ulike problemstillingar frå privatpersonar og næringsaktørar, både gjennom rådgjeving og søknadsbehandling
• Ei sentral rolle i å sikre at bygge- og delesaker blir behandla effektivt og korrekt
• Eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø prega av engasjement og høg kompetanse
• Fleksibel arbeidstidsordning med bruk av heimekontor etter nærmare avtale
• God anledning til kompetanseheving/etterutdanning
• Lønn etter avtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
21.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6639604Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
-
Vil du skape kulturglede saman med oss i Vestnes kulturskule?
Vestnes kommune
VESTNES -
Undervisningsstilling
Vestnes kommune
TRESFJORD -
Barnehagelærar
Vestnes kommune
Fiksdal -
Vikariat matematikklærar
Vestnes kommune
VESTNES -
Vestnes kommune søkjer politisk sekretær inntil 80 % vikariat ut 2026
Vestnes kommune
VESTNES