• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    31.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6002, ÅLESUND
    ÅLESUND
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4279825
  • Se her for andre jobber fra Kystverket
  • Oppdatert 30.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kystverket

Vil du bli verksemdsarkitekt  i Kystverket?

Offentlige tjenester og forvaltning

Vil du vere med på å gjere ein reell forskjell for kysten vår? Vil du jobbe nasjonalt, ut i frå flotte Sunnmøre med flinke, kjekke kollegaer og spennande teknologiar?


Kystverket er stolte av dei sterke og kompetente fagmiljøa våre innan bla.:

  • navigasjonsteknologi (t.d. innhenting og analyse av store datamengder inkl. sanntids AIS data, oppskyting av eigne satelittar og Barentswatch),
  • transport hamn og farlei (t.d. analyse og maskinlæring for risikovurderingar, trafikk- og godsmodellar, identifisere verkemiddel for å framskunde det digitale skiftet)
  • miljøberedskap (t.d. dynamisk beredskapsanalyse som kan beregne sannsyn for skipsulykker og størrelse på utslepp - grunnlaget for ein risikobasert miljøberedskap)
  • losteneste (t.d. simuleringar og digitale tvillingar (inkl. VR-simulator), framtidas støtteverktøy for lostjenesten og praktisk utvikling av det digitale maritime)
  •  samarbeid med spennande, eksterne aktørar og leverandørar (både offentleg og private)

 

Staben for digitalisering og innovasjon er så heldig at vi får arbeide på tvers av alle desse spennande felta. Vi fasiliterer og sikrar samhandling på tvers og skal fremme endå meir innovasjon! Vi har ansvaret for den digitale grunnmuren  (inkl. IT, informasjonssikkerheit og data) og koordinering og samhandling innan digitaliserings- og innovasjonsprosjekt. Vi har ansvaret for å sjå kva teknologitrendar som er relvante for Kystverket og arbeidet vårt framover. I ein etat der det boblar av gode idear – korleis sikrar vi nokre felles retningslinjer og føringar på tvers? Korleis får vi oversikt? Og korleis sikrar vi at vi er klar for ei verd med eksponentiell teknologiutvikling?

Vi opprettar ei ny stilling som verksemdsarkitekt (Enterprise Architect) i staben for digitalisering og innovasjon. Stillinga t rapporterer til direktør for digitalisering og Innovasjon. Den vi tilsett kjem til å jobbe både sjølvstendig og i tett samarbeid med både resten av Kystverket og eksterne partnarar.

Er du klar for nye utfordringar? Kast loss og bli med oss!

 

Kvalifikasjoner:

  • Høgare IT utdanning, minimum på mastergradsnivå.
  • Ved omfattande og relevant erfaring innanfor fagområdet kan utdanningskravet reduserast.
  • Betydeleg erfaring med utvikling, drift og forvaltning av digitale tenester/system.
  • Erfaring med metodar og verktøy for verksemds- og løysningsarkitektur.
  • Kjennskap til og aller helst erfaring med devops (gjerne ulike rammeverk) og smidig utviklingsmetodikk.
  • Gode skriftlege og munnlege eigenskapar på norsk og engelsk.
  • Erfaring med og kompetanse om skyteknologi og operasjonalisering av den (inkl. hybridløysingar).
  • Gjerne brei erfaring frå ulike kundar og teknologiske landskap.
  • Den som vert tilsett må kunne sikkerheitsklarerast på nivå hemmeleg. Vi opplyser om at klareringstyresmakt har ein streng praksis ved vurdering av nødvendig tilknyting til Noreg ifm klarering.

    Personlige egenskaper:

    • Nysgjerrig på og interessert i ny teknologi og nye fagområde.
    • Strukturert, sjølvgåande og ansvarsfull.
    • Evne til å sjå heilheit og samanhengar.
    • God til å kommunisere og skape godt samarbeid  («brubyggar» mellom ulike fagmiljø).
    • Engasjert og motivert.

    Som tilsett skal du kunne identifisere deg med våre verdiar, som er framtidsretta, engasjert og påliteleg.

    Vi tilbyr:

    • Ein jobb med meining. Vi utviklar kysten og havområda til verdas sikraste og reinaste!
    • Eit godt arbeidsmiljø - kjekke og kompetente kollegaer.
    • Ei utfordrande stilling med utviklingsmoglegheiter.
    • Flotte og moderne lokalitetar midt i Ålesund sentrum.
    • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
    • Løn etter avtale.
    • Ferieheimsordning for tilsette på nokre av fyra til Kystverket.
    • Fleksibel arbeidstid.
     
    Arbeidsstad er for tida Ålesund. Kystdirektøren med leiargruppe og stabar er i dag lokalisert i Ålesund, men vi har kontor og lokasjonar langs heile den fantastiske kysten vår.

     

     

    Anna

    Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

    Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

    I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.

     

    • Bedrift
      Kystverket
    • Søknadsfrist
      31.01.2022
    • Ansettelsesform
      workTime.Heltid
    • Bransje
      Offentlige tjenester og forvaltning
    • Utdanningskrav
      Påkrevet
    • Arbeidserfaring
      Ønskelig
    • Adresse
      6002, ÅLESUND
      ÅLESUND
    • Antall stillinger
      1
    • karriere-kode
      4279825
    • Se her for andre jobber fra Kystverket
    • Oppdatert 30.01.2022