Company
Fjord1 ASAApplication deadline
18.09.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6212, LIABYGDA
STRANDA
Number of positions
1Career-kode
6704150Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Vil du bli vår nye maskinsjef?
Ferger
Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Stranda-Liabygda, p.t. trafikkert av vår nybygde EL-ferje MF Sunnylvsfjord.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
Attraktiv turnusordning med døgnvakter. Du arbeider i ein 2:2-turnus med to veker på og to veker fri. I arbeidsperioden har du fri annakvart døgn, noko som gir gode moglegheiter for kvile og fritid også når du er på jobb. Dette gir ein særs god balanse mellom arbeid og fritid, med lange samanhengande friperiodar.
Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande!
Kvalifikasjoner:
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlige egenskaper:
- Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr:
- Konkurransedyktig løn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar
- Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av, døgnskift.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
Company
Fjord1 ASAApplication deadline
18.09.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6212, LIABYGDA
STRANDA
Number of positions
1Career-kode
6704150Look here for other jobs from Fjord1 ASA