• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    17.09.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6640, KVANNE
    SURNADAL
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6366470
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Vacancy

Fjord1 ASA

Vil du bli vår nye maskinsjef?

Ferger

Vil du vere med å styre ei av Noregs mest tradisjonsrike ferjestrekningar?

Fjord1 søkjer no etter maskinsjef til M/F Stangvikfjord på sambandet Kvanne - Rykkjem. Dette er eit av dei eldste og mest intensive ferjesambanda i landet, med 68 daglege avgangar. Som maskinsjef får du ansvaret for å halde det tekniske utstyret i topp stand og bidra til ei trygg og effektiv drift!

Kvifor velje Fjord1 og Kvanne - Rykkjem?


🚢 Attraktiv skiftordning: Døgnvakt med 2 veker på, 2 veker av. Perfekt for deg som vil ha god balanse mellom jobb og fritid. For dei som bur i nærleiken er det mogleg å dagpendle.

Moderne og velutstyrt ferje: M/F Stangvikfjord (2020) er ein el-hybridferje med toppmoderne utstyr og eit gjennomtenkt maskinrom som legg til rette for effektiv drift og vedlikehald.

🛠 Utvikling av ferdigheiter: Den intensive drifta gir verdifull erfaring innan teknisk drift, vedlikehaldsystem og energileiing.

🏠 Tilrettelegging for pendlere: Fri bustad på arbeidsstaden for deg som treng overnatting i arbeidsperiodane. Fjord1 dekker første og siste tur i arbeidsperioden (over 30 km).

🍽 Gode fasilitetar om bord: Eit godt mattilbod gjennom samarbeid med Matvarehuset, og eksternt firma som tek seg av dagleg reinhald.

🤝 Sterkt arbeidsmiljø: Gode kollegaer, god stemning mellom skifta og solide støttefunksjonar frå landorganisasjonen gjer at du alltid har eit team i ryggen.


💬"Her har vi moderne system, godt tilrettelagt vedlikehald og eit godt team. Å jobbe på Stangvikfjord gir meg utfordringar og utviklingsmoglegheiter, samtidig som eg har ein stabil og trygg arbeidsplass"

 

Kvalifikasjoner:

Teknisk leiar med ansvar for skipet sitt tekniske utstyr og at det oppfyller krav frå klasse og styresmakter
Vedlikehald av maskineri og komponentar i samsvar med AMOS vedlikehaldssystem
Sikre at tryggleiksstyringssystemet vert følgd, i samarbeid med skipsførar
Opplæring av personell under si leiing
Oppdatering av jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
Overvaking av forbruk og behaldning av brennolje, smøreolje og ferskvatn
Føring av maskindagbok, oljedagbok og andre nødvendige dokument
Budsjettering, oppfølging og bestilling av reservedelar og utstyr
Sørgje for oppdatert stoffkartotek
Ansvar for reinhald og brannførebygging innan maskinområdet

Kvalifikasjonar:

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i samsvar med kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest
  • MES-opplæring
  • Gyldig helseerklæring

Personlige egenskaper:

Vi leter etter en dyktig og erfaren maskinsjef som kan sikre driftssikkerhet, vedlikehold og effektivitet om bord. Personen må ha gode lederegenskaper, teknisk innsikt og evne til å arbeide i et teammiljø.

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktig lønn etter avtale med NHO Sjøfart og Maskinistforbundet.
  • Attraktive velferdsordningar inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.
  • Ein arbeidsplass med fokus på trivsel – god mat, reinhald utført av eksternt firma og ein sosial arbeidskvardag.
  • Utviklingsmoglegheiter – arbeid i eit av landets leiande fergeselskap med moglegheit for vidare karriereutvikling.
  • Fleksibilitet – god balanse mellom arbeid og fritid med ei skiftordning som gjer det lett å planleggje livet utanfor jobb.
  • Moderne arbeidsverktøy og teknologi – du jobbar på ein av Noregs mest avanserte el-hybridferjer.
  • Stabilitet og tryggleik – bli del av ein solid arbeidsplass med trygge rammer og gode forsikrings- og pensjonsordningar.

 

Er du klar for nye utfordringar på ein av Noregs mest moderne ferjer?
Send inn søknaden din i dag! Vi gler oss til å få deg med på teamet!

 

  • Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    17.09.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6640, KVANNE
    SURNADAL
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6366470
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA