• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    20.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6108828
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Vil du bli vår nye maskinsjef?

Ferger

Bli maskinsjef på MF Sunnylvsfjord – og ta del i framtida for maritim teknologi!
Vil du jobbe med den nyaste grøn teknologi og vere ein del av eit selskap som leiar an i den maritime overgangen til utsleppsfri drift? Fjord1 er verdsleiande innan det grøne skiftet, og no har du sjansen til å bli maskinsjef på MF Sunnylvsfjord – ei toppmoderne el-ferje på sambandet Stranda – Liabygda. Her får du ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift av eit fartøy som representerer framtida innan ferjetransport.

Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av, døgnskift.

Du bør bo lokalt, men hybel er tilgjengeleg i Eidsdal for dei som ønskjer det.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Kvalifikasjoner:

    Du trivst med ansvar og tekniske utfordringar, og likar å jobbe i eit miljø der samarbeid og kommunikasjon er nøkkelen til suksess. Du er løysingsorientert, serviceinnstilt og tek initiativ når det trengst. Med godt humør og ei positiv innstilling bidrar du til eit godt arbeidsmiljø og trivsel om bord. I tillegg brenn du for å vere med på den grøne utviklinga i maritim sektor og jobbe med moderne teknologi.

    • M3-sertifikat (minimumskrav)
    • Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsføreskrifta
    • Krise- og passasjerhandteringskurs
    • Gyldig helseerklæring

    Vi tilbyr:

    • Eit solid fagmiljø med gode kollegaer og moglegheit for vidare utvikling
    • Gode velferdsordningar: Tilgang til firmahytter, gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Hybel i Eidsdal tilgjengeleg for frivakter dersom du ikkje bur lokalt.
    • Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av, døgnskift

     

    Interessert? Send inn søknaden din i dag og bli ein del av den fine gjengen på MF Sunnylvsfjord – vi ser fram til å høyre frå deg!

     

    • Företag
      Fjord1 ASA
    • Ansökningstiden
      20.03.2025
    • Heltid/Deltid
      Heltid
    • Anställningsform
      Permanent
    • Bransch
      Ferger
    • Utbildningskrav
      Påkrevet
    • Arbetserfsrenhet
      Ønskelig
    • Adress
      6905, FLORØ
      KINN
      Norge
    • Antal befattningar
      1
    • Karriere-kod
      6108828
    • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA