• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    20.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6640, KVANNE
    SURNADAL
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6103532
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Vil du bli vår nye maskinsjef?

Ferger

Vil du vere med å styre ei av Noregs mest tradisjonsrike ferjestrekningar?

Fjord1 søkjer no etter maskinsjef til M/F Stangvikfjord på sambandet Kvanne - Rykkjem. Dette er eit av dei eldste og mest intensive ferjesambanda i landet, med 68 daglege avgangar. Som maskinsjef får du ansvaret for å halde det tekniske utstyret i topp stand og bidra til ei trygg og effektiv drift!

Kvifor velje Fjord1 og Kvanne - Rykkjem?


🚢 Attraktiv skiftordning: Døgnvakt med 2 veker på, 2 veker av. Perfekt for deg som vil ha god balanse mellom jobb og fritid. For dei som bur i nærleiken er det mogleg å dagpendle.

Moderne og velutstyrt ferje: M/F Stangvikfjord (2020) er ein el-hybridferje med toppmoderne utstyr og eit gjennomtenkt maskinrom som legg til rette for effektiv drift og vedlikehald.

🛠 Utvikling av ferdigheiter: Den intensive drifta gir verdifull erfaring innan teknisk drift, vedlikehaldsystem og energileiing.

🏠 Tilrettelegging for pendlere: Fri bustad på arbeidsstaden for deg som treng overnatting i arbeidsperiodane. Fjord1 dekker også reise til og frå jobb (inntil 30 km).

🍽 Gode fasilitetar om bord: Eit godt mattilbod gjennom samarbeid med Matvarehuset, og eksternt firma som tek seg av dagleg reinhald.

🤝 Sterkt arbeidsmiljø: Gode kollegaer, god stemning mellom skifta og solide støttefunksjonar frå landorganisasjonen gjer at du alltid har eit team i ryggen.


💬"Her har vi moderne system, godt tilrettelagt vedlikehald og eit godt team. Å jobbe på Stangvikfjord gir meg utfordringar og utviklingsmoglegheiter, samtidig som eg har ein stabil og trygg arbeidsplass"

 

Kvalifikasjoner:

Vi ser etter ein fagleg sterk og ansvarsbevisst maskinsjef med gode leiareigenskapar. Du må ha evne til å jobbe strukturert, samarbeide tett med andre og sikre stabil drift av fartøyet.

Kvalifikasjonar:

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i samsvar med kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest
  • MES-opplæring
  • Gyldig helseerklæring

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktig lønn etter avtale med NHO Sjøfart og Maskinistforbundet.
  • Attraktive velferdsordningar inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.
  • Ein arbeidsplass med fokus på trivsel – god mat, reinhald utført av eksternt firma og ein sosial arbeidskvardag.
  • Utviklingsmoglegheiter – arbeid i eit av landets leiande fergeselskap med moglegheit for vidare karriereutvikling.
  • Fleksibilitet – god balanse mellom arbeid og fritid med ei skiftordning som gjer det lett å planleggje livet utanfor jobb.
  • Moderne arbeidsverktøy og teknologi – du jobbar på ein av Noregs mest avanserte el-hybridferjer.
  • Stabilitet og tryggleik – bli del av ein solid arbeidsplass med trygge rammer og gode forsikrings- og pensjonsordningar.

 

Er du klar for nye utfordringar på ein av Noregs mest moderne ferjer?
Send inn søknaden din i dag! Vi gler oss til å få deg med på teamet!

 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    20.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6640, KVANNE
    SURNADAL
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6103532
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA