Bedrift
ForsvaretSøknadsfrist
18.06.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5160, LAKSEVÅG
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
5210440Se her for andre jobber fra Forsvaret
Forsvaret
Vil du bli med på ei ubåtreise?
Forsvarets verkstader Bergen er på jakt etter deg som har eit brennande ynskje om å bidra med din kunnskap til å utvikle ubåtverkstadet på Laksevåg. Vi ser for oss at du har skikkeleg lyst til å bli ein del av ein unik og spanande arbeidsplass og at du tykkjer det høyres spanande ut at du skal få være med på reisa mot eit nytt ubåtanlegg på Haakonsvern.
Vi legg til rette for at du skal kunne vidareutvikle deg og tilegne deg den kunnskapen du treng for å bli god på vår eksisterande og nye ubåtklasse.
I dag er vi rundt 50 tilsette som utfører mekanisk/skrog vedlikehald og overflatebehandling på Sjøforsvarets ubåtar, og vi søkjar no etter ein ny overflatebehandlar.
Kvalifikasjoner:
- Fagbrev som overflatebehandlar
- Særleg relevant erfaring kan vege opp for manglande fagbrev
- Erfaring med bruk av teknisk dokumentasjon i det daglege arbeidet
- Den som ansettast må kunne sikkerheitsklarerast for HEMMELEG før tiltredelse
- God muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Personlige egenskaper:
- Du arbeidar godt både sjølvstendig og saman med andre
- Du har interesse for faget og er villeg til å tilegne deg ny kunnskap
- Du er strukturert og opptatt av ein ryddig arbeidsplass
- Du er løsningsorienter
- Du er positiv til nye utfordringar
Søknader og CV som ikkje er skrevet på norsk, vil ikkje bli vurdert.
Vi tilbyr:
- Ein arbeidsplass med eit trivelegt og uformelt arbeidsmiljø med låg turnover
- Gode moglegheitar for personleg og fagleg utvikling
- Moglegheit for fleksibel arbeidstid
- Vi har treningsrom lokalt på Laksevåg, og moglegheit for å nytte vårt store treningsanlegg med symjehall, klatrevegg og styrkerom på Haakonsvern. Dette kan du nytte opp til 2 timar i arbeidstid per veke så lenge tenesta tilseier det, samt på fritid saman med familien.
- Gode pensjons- og velferdsordningar.
- Lønn i henhald til Verkstadsoverenstkomsten i Forsvaret, for tida 543 147 - 593 181 per år, avhengig av kvalifikasjonar. Av lønn trekkast 2% lovbestemt innskudd til Statens pensjonskasse.
Bedrift
ForsvaretSøknadsfrist
18.06.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5160, LAKSEVÅG
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
5210440Se her for andre jobber fra Forsvaret