Bedrift
Hardingsmolt ASSøknadsfrist
31.03.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
FiskeoppdrettUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5620, TØRVIKBYGD
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6541122Se her for andre jobber fra Hardingsmolt AS
Spørsmål rettes til
Marthe Knight
tlf: 47483966
Hardingsmolt AS
Vil du bli med Hardingsmolt inn i ein spennande utviklingsfase?
Elektrikar/automatikar/industri- mekanikar med moglegheit for turnusFiskeoppdrett
Hardingsmolt er ein leiande aktør innan produksjon av laksesmolt. Me har 30 tilsette i Tørvikbygd og 7 ved Koløyholmen og planlegg store investeringar dei neste åra. Me er eigde av Kobbevik og Furuholmen Oppdrett AS og Fremskridt Laks AS og har eit sterkt fokus på innovasjon og berekraftig utvikling. Anlegget vårt har 10 400 m³ karvolum på land og 24 000 m³ lukka volum i sjø. Me er i ein utbyggingsfase no, og sommaren 2026 utvidar me anlegget vårt på land med ytterlegare 13 800 m³. Hos oss får du jobbe i eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse, der me stadig utviklar oss og held oss oppdaterte på aktuelle kurs og ny teknologi. Det er også moglegheit for å tre inn i bedrifta si turnusordning.
Om stillinga: Me søkjer driftsteknikar med fagbrev som elektrikar, automatikar, industrimekanikar. Andre relevante tekniske fagbrev kan også vurderast. Er du ein allsidig, sjølvgåande og løysingsorientert person med god teknisk innsikt? Likar du varierte arbeidsoppgåver og å bidra på fleire område? Då kan du vere den me ser etter!
Arbeidsoppgåver:
- Tilsyn, drift og vedlikehald av elektriske, mekaniske og
automasjonssystem på anlegget
- Systematisk og førebyggjande vedlikehald av teknisk utstyr og anlegg
• Oppfølging av produksjons-, vedlikehalds- og internkontrollsystem
- Journalføring, registrering og rapportering av tekniske hendingar og vedlikehald
- Deltaking i større arbeidsoperasjonar og praktisk problemløysing
- Bruk av løfte- og lasteutstyr på anlegget
- Bidra til oppdatering og forbetring av rutinar og prosedyrar
- Vere ein ressurs på tvers av fagområde – typisk altmogelegmann-oppgåver
som drift, småreparasjonar, feilsøking og støtte til kollegaer
Ønskte kvalifikasjonar:
- Eitt eller fleire fagbrev og/eller fagskule
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
- Erfaring frå driftsteknisk arbeid, gjerne frå oppdrett eller industri
- Evne til å setje seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver og bidra til utvikling av arbeidsmetodikk
Me tilbyr:
- Konkurransedyktige vilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar (AFP og innskot)
- Moglegheit for utvikling og erfaring internt i organisasjonen
- Arbeidsstad i flotte omgjevnadar i Tørvikbygd
Eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø med fokus på HMS og utvikling For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Marthe Knight, administrasjonssjef, på tlf. 94177549. Søknad: marthe.knight@hardingsmolt.no
Bedrift
Hardingsmolt ASSøknadsfrist
31.03.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
FiskeoppdrettUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5620, TØRVIKBYGD
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6541122Se her for andre jobber fra Hardingsmolt AS
Spørsmål rettes til
Marthe Knight
tlf: 47483966
-
Driftsoperatør VA i Balestrand
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Driftsoperatør VA til driftssentralen
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Industrimekanikar – Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Lotteri- og stiftelsestilsynet søker trainee: Teknologi
Framtidsfylket AS
FØRDE -
Rocket-Man søkjer aktivitetsguidar
Sogndal kommune
Sogndal