Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
26.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6576626Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Vil du bli fastlege i Fjaler kommune?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har to ledige fastlegeheimlar, der kommunale oppgåver som sjukeheimslege og lege ved helsestasjon inngår som ein del av stillinga. Fjaler kommune har tre fastlegeheimlar, LIS1-lege og kommuneoverlegefunksjon i eit interkommunalt samarbeid. Legekontoret held i dag til ved sjukeheimen, men nye lokale er under planlegging i eige bygg.
Vi vil gjerne kome i kontakt med deg som:
- Ønskjer fast stilling, sjølvstendig næringsdrivande eller vikariat i minimum eit år.
- Spesialist i allmennmedisin, eller på veg mot spesialisering..
- Lege som er under LIS1-løp, eller som nyleg har fullført, og som ønskjer ein prøveperiode for å finne ut om allmennpraksis kan vere aktuelt vidare.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller ønskjer ein uformell prat om stillingane, arbeidsoppgåvene eller kommunen. Vi ser fram til å høyre frå deg!
- norsk autorisasjon som lege
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
- førarkort klasse B
- den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest for tiltreding
- allmennlegetenester for eigne listepasientar i kontoret si opningstid
- deltaking i interkommunal legevakt
- kommunale oppgåver som sjukeheimslege og lege ved helsestasjon
- bidra til god samhandling mellom den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta
- gode samarbeidsevner
- god på kommunikasjon og rettleiing
- fleksibel
- strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig
- tilsetjingsforhold og løn etter individuell avtale
- gode pensjons- og forsikringsvilkår
Fjaler ligg vakkert til mellom fjord og fjell i Sunnfjord i Vestland fylke, om lag tre timar nord for Bergen. Her får du kombinasjonen av flott natur, engasjerte lokalsamfunn og spennande arbeidsmoglegheiter. Livskvalitet, tryggleik og trivsel står sterkt i kommunen, som er særleg kjent for sitt rike kulturliv og vakre omgjevnader.
Førde sentralsjukehus ligg berre 45 minutt unna. Den interkommunale legevakta er stor og godt organisert, noko som gjev ei overkomeleg vaktbelastning. Det er òg gode jobbmoglegheiter for eventuell partnar i området.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak av offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
26.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6576626Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
-
Helsesjukepleiar 100% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME -
Tilkallingsvikarar som brukarstyrt personleg assistent (BPA) i Balestrand
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Ferievikar 2026, Leikanger sjukeheim
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Ferievikarar 2026: Sjukeheim, heimetenesta, vaskeri og kjøkken avdeling Balestrand
Sogndal kommune
Balestrand -
Ferievikar 2026, Leikanger heimeteneste
Sogndal kommune
Leikanger