Vacancy

Utdanningsdirektoratet

Vil du bli fagansvarleg for eksamen i engelsk, norsk eller matematikk?

Departementer og direktorater

Utdanningsdirektoratet har eit overordna ansvar for at utdanningspolitikken blir sett i verk i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring, slik at barn, ungdom og vaksne får eit likeverdig tilbod av høg kvalitet.

Vi har oppretta 3 nye stillingar og søkjer deg som har lyst til å bli fagansvarleg for eksamen i norsk, engelsk eller matematikk. I denne rolla vil du få eit særskilt ansvar for sentralt gitt eksamen i førebuande opplæring for vaksne (FOV) og samarbeide om sentralt gitt eksamen etter 10. trinn. Det inneber mellom anna å følgje opp dei som utviklar eksamensoppgåvene våre, og sørgje for kvalitetssikring av desse i systema våre. Arbeidet med eksamen skjer i team og krev høg grad av samarbeid, evne til å planleggje arbeidet godt, og levere i tide på felles fristar gjennom eit detaljert årshjul. Det er derfor ein føresetnad at du samarbeider godt med andre og likar å jobbe i IT-systema våre. Den rette kandidaten kan tre raskt inn i arbeidsoppgåvene og evnar å jobbe sjølvstendig. Du er god på planlegging, igangsetting og ferdigstilling av arbeid, og du er bevisst på når involvering av andre er nødvendig.

Du vil høyre til divisjon for læring og vurdering og medverke i team med høgt fagleg kvalifiserte og motiverte medarbeidarar. Divisjon for læring og vurdering består av ca. 80 medarbeidarar fordelt på fem avdelingar. Vi har ansvar for utvikling og forvaltning av rammeplan, læreplanar, prøver og eksamenar i grunnopplæringa, i tillegg til IT-systema som blir brukt til dei. Vi er opptekne av samanhengen mellom fagområda våre for at elevar, skular og skuleeigarar skal kunne jobbe heilskapleg med utvikling av opplæringa.

Kvalifikasjoner:

Felles for alle tre stillingane:

Du må ha

  • relevant mastergrad i det aktuelle faget (engelsk, norsk eller matematikk) eller fagdidaktikk
  • erfaring med undervisning i det aktuelle faget (engelsk, norsk eller matematikk)
  • kjennskap til førebuande opplæring for vaksne (FOV)
  • god forståing for bruk av IT-verktøy og programvare
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne

I tillegg er det ein fordel om du har

  • innsikt i vaksen-, ressurs- og andrespråksperspektivet og læreplanane i FOV
  • kjennskap til eksamensordninga i det aktuelle faget (engelsk, norsk eller matematikk)
  • erfaring som lærar frå førebuande opplæring for vaksne (FOV) og frå ungdomstrinnet 
  • forståing for roller og samspel mellom ulike nivå i forvaltninga
  • erfaring frå arbeid i offentleg forvaltning og/eller utgreiingsarbeid
  • innplassering vil skje på bakgrunn av kompetanse.

Personlige egenskaper:

  • sjølvstendig og proaktiv, samtidig som du er bevisst på når saker må forankrast hos andre
  • god til å involvere og samarbeide i team
  • god til å koordinere og leie prosessar
  • leveransedyktig og god til å planleggje, igangsette og følgje opp arbeid
  • positivt innstilt og motiverer andre til det same

For oss er det viktig korleis du som person eignar deg til jobben. Dette vil bli teke med i den totale vurderinga.

Vi tilbyr:

  • løn som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364), p.t kr 600 000–850 000 per år (for særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast)
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • trening i arbeidstida
  • moderne lokale i Oslo sentrum
  • omfattande bruk av team- og prosjektorganisering
  • gode faglege utviklingsmoglegheiter
  • eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse

Utdanningsdirektoratet skal pregast av mangfald, og vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Vi oppfordrar deg til å krysse av i søknaden dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar til intervju i kvar gruppe. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling. Vi legg vekt på å tilretteleggje arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette opplysast om og grunngjevast i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.