Company
Fjord1 ASAApplication deadline
30.11.2024Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5300, KLEPPESTØ
ASKØY
Number of positions
1Career-kode
5939070Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Vil du bli ein del av vårt team på våre nye hurtigbåtar?
Ferger
Bli med på verdas største grønte revolusjon innan hurtigbåtnæringa! Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet. Vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenlege ferger- og hurtigbåttransport i marknaden!
Vi utvidar no hurtigbåtsegmentet vårt med to ombyggingar og eit nybygg. Frå januar 2025 skal desse fartøya trafikkere Askøyruta og Nordhordlandsruta, frå Strandkaien i Bergen sentrum. Fjord1 søkjer etter ein maskinsjef som ønskjer å bli ein del av besetninga på sambandet Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta), og bidra i selskapets grøne satsing i hurtigbåtnæringa. Fartøy vil vere M/S Tyrhaug eller M/S Terningen, som no er under ombygging til moderne elektrisk drift.
Du blir ein del av brubesetninga ombord, saman med skipsførar og overstyrmann. Du vil ha ansvar for teknisk utstyr og maskineri. Arbeidet består av overvåking, ettersyn, reparasjonar og vedlikehold.
Skiftordning: 12 dagar på og 16 dagar av. Uke 1 av arbeidsperioden: måndag til laurdag. Uke 2 av arbeidsperioden: måndag til fredag.
Med moglegheit til å reise heim etter endt vakt og i helger.Selskapet tilbyr hybelordning på Kleppestø kai i arbeidsperioden.
Ein flott jobb å kombinere med fritid og familieliv!
Relevante kandidatar vert kontakta fortløpande. Oppstart desember 2024/januar 2025.
Kvalifikasjoner:
- Minimum M3 opptil 3000 kW
- Kvalifikasjonsbevis for brubesetning på hurtiggåande fartøy
- Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsforskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Fjord1 dekker manglande hurtigbåtkurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlige egenskaper:
Du er ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef, med fokus på sikkerhet og effektiv drift. Du er løysingsorientert, strukturert og trivast med å lede og samarbeide i team.
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
- Fleksibel
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
Vi tilbyr:
- Løn gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund (DNMF)
- Innovasjon og kompetanseutvikling: Ver med å forme framtida innan maritim transport med grøne, banebrytande løysingar
- Balanse mellom arbeid og fritid: 12 dager på/16 dager fri. Dagvakter, med moglegheit til å reise heim etter endt vakt og i helger
- Hybelordning i arbeidsperioden
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kolleger
- Gode velferdsordningar
Company
Fjord1 ASAApplication deadline
30.11.2024Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5300, KLEPPESTØ
ASKØY
Number of positions
1Career-kode
5939070Look here for other jobs from Fjord1 ASA