• Company
    Austevoll kommune
  • Application deadline
    28.06.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5206870
  • Look here for other jobs from Austevoll kommune
  • Updated 27.06.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Austevoll kommune

Vikarlærar i 100% stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Oppvekst har om lag lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule,, privat barneskule, private barnehagar, PP-tenesta, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, kultur , bibliotek og Austevollbadet. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Selbjørn skule søkjer vikarlærar i 100% stilling med varigheit fram til 14. januar 2024 på 1.-4. trinn. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju fortløpande.

Arbeidsstad

Selbjørn skule er ein barneskule med om lag 170 elevar og 35 tilsette. Vi held til i flotte omgjevnader i Bekkjarvik. Skulen har gode undervisningsrom, idrettshall, kultursal, flott musikkavdeling og stort uteområde.

Vi er med i Trivselsleiar-programmet, som er det største programmet i Skandinavia for aktivitet og inkludering i barne- og ungdomsskule. Konseptet TL-undervisning kombinerer fysisk aktivitet og læring i undervisninga. Hos oss bidrar både tilsette og elevar til eit betre samhald og eit tryggare skulemiljø gjennom organisert aktivitet i friminutta. 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Undervisning i ulike fag på 1.- 4. trinn
  • Faglæraroppgåver
  • Arbeide i team
  • Kontaktlærar
  • Samarbeid skule - heim
  • Aktiv deltaking i skulen sine utviklingsprojekt
  • Samarbeid internt og med andre faginstanser

Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.- 4. trinn
    • Det kan vurderast å tilsette kandidat med relevant utdanning for stillinga dersom det ikkje skulle vere kvalifiserte søkjare. Til dømes relevant utdanning; pedagogikk, språkfagleg bakgrunn, matematikk
  • Kunnskapar om og evner til god klasseleiing
  • Fordel med kompetanse til å undervise i fleire ulike fag
  • Ønskjeleg med undervisningserfaring i basisfag

Søkjar må vere personleg eigna for stillinga. Vi søkjer deg som er strukturert, sjølvstendig og fleksibel. Vidare må vår nye kollega:

  • Vere samarbeidsvillig og inkluderande
  • Vere oppteke av å skape gode relasjonar
  • Ha gode skriftleg og munnleg norskkunnskapar
  • Ha god IKT-kompetanse 

Vi tilbyr:

  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på kr 12 300 pr år, kontaktlærartillegget er på kr 24 000 pr år
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Eit godt og positivt fagmiljø
  • Spennande utfordringar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Company
    Austevoll kommune
  • Application deadline
    28.06.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5206870
  • Look here for other jobs from Austevoll kommune
  • Updated 27.06.2023