Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Vikariat undervisningsstilling Dale skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vera med oss og byggje framtidsskulen for alle elevane i Vaksdal? I Vaksdal er vi opptekne av å ha framtida i sentrum.

Arbeidet med å fornye Kunnskapsløftet er i gang.  Skulane i Vaksdal har jobba i fellesskap mot fornying av læreplanen hausten 2020.
Målet i ny læreplan er å styrke utviklinga av elevane si djupnelæring og forståing. 
Verdigrunnlaget skal løftast fram i læreplanane, og elevane skal mellom anna jobbe tverrfagleg med demokrati, medborgarskap, berekraftig utvikling, folkehelse og livsmestring. 
Vaksdalskulen har felles og langsiktige satsingar gjennom vurdering for læring, PALS og digitalisering, og som lærar i Vaksdal får du vere del av eit lærande fellesskap. Elevane våre fortener dyktige og engasjerte lærarar.

Ved Dale skule ynskjer me deg som søkjar til ledig vikariat for undervisningsstilling 100 % frå 8. mars 2021 og ut skuleåret.
Stillinga kan delast opp for å fylle opp stillingsprosenten til tilsette som ynskjer oppauke av si stilling.

Arbeidsstad

  • Dale skule - Rektor Magnar Helland - Tlf. 488 80 331

Krav til kompetanse

  • Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar)
  • God IKT-kompetanse.
  • Undervisningskompetanse innan eitt eller fleire av fylgjande fag er ynskjeleg og føretrekt: norsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag, kroppsøving og spesialpedagogikk
  • Søkjarar med anna relevant kompetanse kan bli vurdert

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer å tilsetje positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som;

  • er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar
  • set eleven sitt beste i sentrum
  • vektlegg tilpassa opplæring
  • har god læreplanforståing og vurderingspraksis
  • har gode samarbeidsevner
  • er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar
  • har godt humør

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppmodar menn til å søkja.
Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding.

Lønsvilkår

  • Etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus
  • Spanande og utfordrande stillingar
  • Gode og kvalifiserte fagmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søkjer du

Elektronisk søknad.  Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.

Treng du hjelp, kan du venda deg til innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 95 52 75 04