Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
15.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5869245Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Vikariat som rådgjevar ved NAV Sogndal
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
NAV Sogndal har ledig 100 % vikariat som rådgjevar frå 01.11.24 - 31.12.25. Hovudfokuset er økonomisk råd og rettleiing, og saksbehandling etter lov om sosiale tenester i NAV.
Arbeidsoppgåver:
- Økonomisk råd og rettleiing til privatpersonar i eit førebyggande perspektiv
- Følgje opp brukarar med økonomiske utfordringar og gjeldsproblem av ulik karakter
- Saksbehandling og oppfølgning etter lov om sosiale tjenester
- Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
- Andre arbeidsoppgaver knytt til saksfeltet må påreknast
Kvalifikasjonar:
- Minimum 3-årig høgare utdanning frå høgskule eller universitet
- God økonomiforståing
- God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
Det er ønskeleg at du har:
- God kartlegging- og rettleiingskompetanse
- Kompetanse og/eller erfaring frå økonomisk råd og rettleiing og kunnskap om samanhengar mellom sosiale og økonomiske utfordringar
- Erfaring frå NAV eller anna offentleg forvaltning og kjennskap til relevant lovverk, som td gjeldsordningslova, dekningslova og lov om sosiale tenester
- Har evne til å sette deg inn i nye arbeidsoppgåver og trivest med å jobbe både sjølvstendig og i team
Personlege eigenskapar:
- Ansvarsbevisst, fleksibel og engasjert
- Er målretta, strukturert og har gjennomføringsevne
- Gode samarbeidsevner og er ein lagspelar
- Prioriterer, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere raske endringar
Personlege eigenskapar og samarbeidsevne vil bli særleg vektlagt
Me tilbyr:
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Tilsetting skjer på kommunale vilkår og lønn etter tariffavtale eller nærare avtale
- Pensjonsordning gjennom KLP
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
15.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5869245Se her for andre jobber fra Sogndal kommune