• Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    05.06.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5208628
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 27.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Mattilsynet

Vikariat - Kontrollteknikar 

Direktorater og tilsynsorgan

Mattilsynet er opptatt av heilkjedeperspektiv, kor man ser heile produksjonskjeda for maten – frå jord og fjord til bord – under eitt. Tilsyn med slakteri er svært sentralt i denne heilkjedetenkinga. Det omfattar mellom anna tilsyn med dyretransport, dyrevelferd og dyrehelse hos det levande dyret på slakteriet, hygieniske forhold under slakting og nedskjering, og vurdering av patologiske forandringar hos slaktet. Den store bredda i problemstillinga gjer at arbeidet er spennande og utfordrande.

Mattilsynet er ein kunnskapsorganisasjon som legg stor vekt på kompetanseutvikling og å dele kunnskap på tvers av fagområde. Teamarbeid står sentralt i organisasjonen. Som medarbeidar i Mattilsynet får du fagleg utvikling og kan påverke eigen arbeidssituasjon. Mattilsynet er ein viktig samfunnsaktør og må heile tida vere i endring for å takle nye utfordringar.

Avdeling Sunnfjord og Sogn ligg i Vestland fylke i Region Sør og Vest. Avdelinga har 26 tilsette fordelt på 3 kontorstader: Førde, Sogndal og kjøtkontroll ved Nortura Førde. Vi har ledig vikariat i perioden juni til desember 2023 som kontrollteknikar i Førde. Stillinga erkjøtkontrollen/slakteritilsyn og lokalisert i Holtemyrane 6, kor slakteriet ligg.

Kvalifikasjoner:

Ønskjer at du har relevant vidaregåande utdanning innan landbruk eller matfag.

Det er ein fordel om du har arbeidserfaring innan næringsmiddeproduksjon eller landbruk.

For å jobbe som kontrollteknikar må du ta utdanning/kurs internt i Mattilsynet. 

Du må kunne kommunisere godt på norsk. 

Du må ha førarkort klasse B. 

Personlige egenskaper:

Du samarbeider godt og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Du kommuniserer på ein klar og tydeleg måte, men du må også vere tolmodig, lyttande og imøtekommande.

Du likar å arbeide i team, men kan også arbeide sjølvstendig.

Du har god rolleforståing.

Du taklar ein tidvis hektisk kvardag og trivst med utfordringar.

Vi tilbyr:

Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsmiljø.
Stillinga vert lønna som inspektør (kode 1497) kr 450 000 - 520 000, avhengig av kvalifikasjonar. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan kode 1498 førsteinspektør bli vurdert.   

I Staten  nyt du godt av pensjonsordningar i Statens pensjonskasse. Det vet trekt 2 % innskot til Pensjonskassen                                   

Overtid vert kompensert i samsvar med gjeldande reglar.     

 

Slik søkjer du

Søknader vert berre motteken elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem WebCruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden.              

Vi ber om at du registrerer fullstendig CV, og laster inn vitnemål og attestar som vedlegg.

 

  • Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    05.06.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5208628
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 27.05.2023