• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    15.12.2020
  • Form of employment
    workTime.Heltid
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6900, FLORØ
    KINN
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3299531
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
  • Updated 26.11.2020
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Fjord1 ASA

Vikariat HR rådgjevar

Ferger

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet og har dei sista åra teke ein leiande posisjon innan vår bransje.

 

Ein av våre HR rådgjevarar skal i 2021 ha foreldrepermisjon, og vi søker derfor etter ein engasjert og dyktig person til eit langvarig vikariat med moglegheit for ytterlegare forlenging/fast stilling. 

Kan du tenke deg ei utfordrande og meiningsfull stilling i Norges leiande ferjerederi?

I Fjord1 er vi opptekne av å ha gode og sunne arbeidsmiljø, og vi er difor på jakt etter ein HR-rådgjevar som kan leie og utvikle arbeidet knytt til helse og miljø. Som person er du god på å bygge relasjonar samtidig som du både er løysingsorientert og tydeleg i din kommunikasjon. Du blir i denne stillinga ein del av eit dyktig og engasjert team på 5 personar i vår HR avdelinga.


Arbeidsoppgåver
  • Sikre at selskapet når sine målsettingar om eit trygt og godt arbeidsmiljø der vi fokuserer på førebygging og tilrettelegging
  • Rådgjeving og leiarstøtte i saker knytt til helse og miljø
  • Legge til rette for eit auka nærvær hos våre tilsette
  • Bistå i arbeidet med å legge til rette for arbeidstakarar med redusert arbeidsevne
  • Bistå i personalsaker og konflikthandtering
  • Ansvarleg for statistikk knytt til helse og miljø
  • Sekretær for selskapet sitt verne- og miljøutval og arbeidsmiljøutval
  • Løpande operative og strategiske HR-oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
  • Høgare utdanning. Gjerne innan HR eller helsefag. Relevant arbeidserfaring kan kompansere for manglande utdanning. 
  • Relevant arbeidserfaring
  • Det er ein fordel å ha god kunnskap om relevant lov- og avtaleverk
  • Norsk språk muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Du er ein dyktig releasjonsbyggar
  • Dine kommunikasjonseigenskapar er svært gode både muntleg og skriftleg
  • Du arbeidar sjølvstendig, strukturert og effektiv innan definerte rammer
  • Du har evne til å rettleie og motivere andre
  • Du evnar å sjå løysingar
Vi tilbyr
  • Langvarig vikariat med moglegheit for fast tilsetting på sikt
  • Ein engasjerande og utfordrande stilling
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med høgt arbeidstempo
  • Moglegheiter for fagleg- og personleg utvikling
  • Gode velferdsordningar
 

  • Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    15.12.2020
  • Form of employment
    workTime.Heltid
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6900, FLORØ
    KINN
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3299531
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
  • Updated 26.11.2020