• Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960792
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
Ledig stilling

Vaksdal kommune

Vikariat for helsepersonell ved legekontor

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig 60% stilling ved legekontoret i Vaksdal.

Stillinga er eit sjukevikariat, med oppstart snarast med varigheit til august 2023, med mogleg forlenging.

Arbeidsstad

Fastlegekontoret i Heradshuset

Arbeidsoppgåver

  • Laboratoriearbeid med blodprøvetaking, vaksinering, kvalitetssikring av utstyr i samarbeid med NOKLUS mm
  • Skadestovearbeid med sårstell, assistering ved kirurgi, EKG, audiometri, spirometri, 24 timers blodtrykk, infusjonar.
  • Pasientmottak, rådgjeving telefon, taxibestilling, kontoradministrative rutiner, assistere lege på daglegevakt i akutte situasjonar
  • Hovudansvar for å bidra til  fastlegane sin oppfølging av pasientar med lungesjukdommar, og naudsynt spesialisering innan feltet

Krav til kompetanse

  • Ynskjeleg med autorisasjon som sjukepleiar
  • Søkjarar med anna helsefagleg kompetanse kan bli vurdert
  • Ynskjeleg med kjennskap til Infodoc og Infodoc Plenario
  • Ynskjeleg med erfaring og variert kompetanse innan teamarbeid på legekontor. Slik erfaring vert vektlagt
  • Det er ynskjeleg med interesse for og kompetanse innan lungesjukdommar og prosedyrar som spirometri mm.
  • Kontoret har daglegevakt og sjukepleiar deltek, kompetanse i akuttmedisin er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig,  arbeidsam  og serviceinnstilt
  • Evne til å takla stress og høgt arbeidstempo i tett samarbeid med resten av teamet
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Det vert lagt stor vekt på å vera personleg eigna og ha relevant erfaring.

Ved nytilsetjing må ein legge fram godkjent politiattest.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Vaksdal kommune legg til rette for vidareutdanning og gjev kompetansetillegg for relevante studiepoeng

Kontaktinformasjon

For spørsmål knytt til tilsetjingsvilkår og liknande, ta kontakt med avdelingsleiar June Eide Viken.

For spørsmål knytt til sjølve arbeidsoppgåvene, kontakt Sandra Rødland; sandra.rodland@vaksdal.kommune.no. Tlf: 56594410

Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte. Har du ikkje søkt via EasyCruit i Vaksdal, må du opprette brukarnamn og passord.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04

 

 

 

  • Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960792
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune