Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Vikariat for fagarbeidar ved Bueining for funkjonshemma

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er frå snarast ledig 90 % vikariat for helsefagarbeidar i bueining for funksjonshemma, Elvevegen.  

Vikariatet har varigheit frå snarast til og med januar 2023, med mogleg forlenging.
Stillinga er for tida i ordinær turnus med langvakter kvar 4.helg.

Bueining for funksjonshemma er lokalisert i Elvevegen, ca 1 km frå Dale sentrum.
Vårt mål er å gje tenestemottakarane moglegheit til å leve og bu sjølvstendig, og til å ha eit aktivt og meiningsfullt tilvære, både individuelt og i fellesskap med andre.

Personalgruppa i Elvevegen er samansatt av vernepleiarar, førskulelærarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, aktivitørar, pleiemedarbeidarar og assistentar.

Arbeidsoppgåver

  • Faglege utfordringer innan tradisjonelt miljøarbeid, psykiatri og somatikk
  • Sikre at tenestemottakar får naudsynt hjelp og kvalitativt gode tenester i samsvar med gjeldande lovverk, vedtak og retningslinjer
  • Medikamenthåndtering
  • Miljøarbeid med bebuarane, praktiske gjeremål i bustad
  • Andre delegerte oppgåver frå leiar

Krav til kompetanse

  • Søkjar med autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Kjennskap til HOT kap 9
  • Det er krav om godkjent politiattest ved tilsetjing
  • Førarkort klasse B er eit krav
  • Det er også ein fordel med erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming
  • Søkjarar utan formell kompetanse, men med erfaring frå tilsvarande arbeid kan bli vurderte

Personlige egenskaper

  • Open, lojal og påliteleg
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fagleg engasjement
  • Løysingsorientert, strukturert og tydeleg
  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
  • Evne til etisk refleksjon

Me ynskjer ein fagleg sterk, fleksibel og engasjert person som også evnar å arbeide sjølvstendig og å stå i ulike daglege utfordringar. Gode kommunikasjonsferdigheiter er sjølvsagt. 

Personlege eigenskapar vert vektlagt, med særskilt fokus på gode samarbeidsevner, samt evne til å ta ansvar i ein travel kvardag.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Slik søkjer du

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04