• Company
    Samnanger kommune
  • Application deadline
    30.11.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3916588
  • Look here for other jobs from Samnanger kommune
  • Updated 23.11.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Samnanger kommune

Fastlege

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Svært attraktivt vikariat fastlegeheimel ved Samnanger legekontor er ledig for deler av eller heile perioden 01.12.2021 - 31.08.2022.
Legekontoret ligg ca 40 minutt køfri køyring frå Bergen sentrum, Nesttun eller Os.

Dette er ein unik jobbmoglegheit for deg som vil jobbe som fastlege, og kunne ha moglegheit til å arbeide deltid for å ha nok tid til både pasientar og familie/fritid. Dette er fastlegepraksisen du slepp å drifta sjølv, ettersom kommunen har teke på seg dette ansvaret. Praksisen er veldriven og innarbeidd i trivelege og tenlege lokaler i Samnanger helsetun. På helsetunet er ein samlokalisert med fysioterapi, kommunepsykolog, helsestasjon og jordmor.  Lokala er relativt nye, og utforma spesielt for legekontor.

I Samnanger kommune er det 4 legeheimlar, med tilsaman 200 % kurative legeårsverk, i tillegg til kommunale deltidsstillingar. Me har tre stabile og svært flinke hjelpepersonell med til saman 220 % stillingsressurs, kor av ein er leiande helsesekretær og ein er sjukepleiar.

Legekontoret nyttar Infodoc Plenario journalsystem, og har velutvikla elektronisk kommunikasjon med samarbeidspartnarar. Velutstyrt laboratorium med EKG, spirometri, 24 timars BT-apparat og doppler.
Samnanger kommune driftar legekontoret vederlagsfritt, og legane driv si eiga næring. Den enkelte lege beheld såleis trygderefusjonar og eigenandelar i sin heilskap. Samnanger kommune beheldt procapitatilskotet. Legen slepp dermed å bruka tid og krefter på å drifta legekontoret, men kan konsentrera seg om å vera lege.

Me legg vekt på godt arbeidsmiljø og gode samarbeidstilhøve så vel innad på helsetunet, som med andre einingar i kommunen. Spesielt kan ein nevna det gode samarbeidet med sjukeheimen, heimetenesta, fysioterapi og kols- og diabetesteam. I kommunen har ein og ressurssjukepleiarar innanfor palliasjon og kreftomsorg, og demens. Kommunen har eigen velutstyrt og godt bemanna First Responder bil.

Fastlegelista har listetak på 500, listelengde per i dag er på 480 pasientar. Me har samarbeid med Bjørnafjorden kommune om legevaktsarbeid. Vaktstasjonen er lokalisert i Bjørnafjorden kommune (Os/Moberg). Dette er ei veldreven legevakt. På dagtid er det legane i Samnanger som har vaktfunksjon i eigen kommune (frå kl. 08.00-16.00). 

Arbeidsoppgåver:

  • Fastlege: 2,5 dag i kurativ, open uselektert praksis. Men med moglegheit for meir om ynskjeleg.
  • 10 % kommunal bistilling dersom ynskjeleg, for tida som sjukeheimslege
  • Deltaking i kommunen sin legevaktsordning. Interkommunal legevakt er lokalisert i Bjørnafjorden. Her er det moglegheit for ekstravakter eller lågare vaktbelasting etter ynskje.


Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis lege med spesialisering i allmennmedisin, ferdig eller (planlagt) påbegynt. Lege utan ferdig eller påbegynt spesialist kompetanse er også velkomen til å søkja
  • Fullført LIS1-teneste/turnusteneste
  • Krav om politiattest i tråd med helsepersonellova


Personlege eigenskapar

  • Personleg eignaheit og samarbeidsevne vert vektlagt
  • Søkjarar må ha norsk autorisasjon
  • God språkforståing og formidlingsevne


Me tilbyr:

  • 8.2. avtale. Det vil seia at fastlegen beheld eigenandelar og refusjonar i si heilheit mot at kommunen beheld basistilskotet som leige for kontor, utstyr, forbruksartiklar, løn til helsesekretær m.v
  • Tilsetjing med fastløn kan og vurderast dersom ynskjeleg
  • Godtgjersle for deltaking i kommunal ordning for øyeblikkeleg hjelp på dagtid
  • Økonomisk stønad til kursdeltaking
  • Dersom du ikkje er spesialist får du vilkår for ALIS i næring med praktisk og økonomisk stønad til rettleiing og gjennomføring av spesialiseringa
  • Kommunen er registret utdanningsinstitusjon
  • Moderne og trivlege lokale ved Samnanger helsetun
  • Moglegheit for heimekontor
  • Stor grad av fleksibilitet når det gjeld varigheit av vikariatet
  • Tilsetjing/inngåing av privat avtaleheimel skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og avtalar
  • Tilsette blir meldt inn i KLP, og med offentleg tenestepensjon får dei ein av Norges beste pensjonsordningar. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

 

Har du nokre spørsmål eller ynskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt for ein uforpliktande samtale. Søknader blir vurdert fortløpande.

 

  • Company
    Samnanger kommune
  • Application deadline
    30.11.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3916588
  • Look here for other jobs from Samnanger kommune
  • Updated 23.11.2021