• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    09.02.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6509952
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Ledig stilling

Aukra kommune

Vikarar for assistentar/fagarbeidarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gossen barne- og ungdomsskole har behov for vikarar for assistentar/fagarbeidarar no og for skoleåret 2026-2027.

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp elevar med behov for fagleg, emosjonell og sosial støtte gjennom skole- og SFO-kvardagen.
  • Høyre til i laget rundt eleven og samarbeide om ei heilskapleg opplæring.
  • Samarbeide tett med pedagog om tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa.
  • Hjelpe elevar slik at dei opplever å bli inkludert og høyre til.

Kven er du

  • Du har god relasjonskompetanse og har erfaring med å jobbe med enkeltelevar.
  • Du kommuniserer godt, samarbeider og er fleksibel

Kven er vi

På Gossen barne- og ungdomsskole blir du ein del av eit engasjerande, utviklingsorientert og inkluderande læringsmiljø med dyktige tilsette som ønskjer å leggje til rette for at elevane skal trivast, vere trygge, lære og utvikle seg i eit fellesskap med andre. Vi legg og vekt på å jobbe saman med elevane og heimen for å nå målet om at alle skal høyre til. Vi har ein flott skole med gode fasilitetar både ute og inne. Skolen har delteke i fleire nasjonale satsingar og samarbeider tett med sterke og relevante samarbeidspartnarar. På Gossen barne- og ungdomsskole kan du utvikle deg saman med andre i eit sterkt fagfellesskap, og vere med å gjere ein forskjell i elevane sine liv.

Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff
  • Ordning for utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
  • Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest.

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"

Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personlege eigenskapar og behovet til skolen. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer elles i samsvar med gjeldande regelverk. Som tilsett i Aukra kommune må du kunna identifisere deg med våre verdiar; attraktiv, uredd, kvalitet, raus, arbeidsglede.

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    09.02.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6509952
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune