• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    01.01.2023
  • Stillingsfunksjon
    Vikariat
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4725663
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 09.11.2022
Ledig stilling

Vestnes kommune

Assistent - 100% stilling - Gardstunet, Tomrefjord og Fiksdal barnehage

Offentlig forvaltning

Stillingstype

Det er ledig 100% stilling som assistent ved Gardstunet, Tomrefjord og Fiksdal barnehage. Dei med utdanning som barne- og ungdomsarbeidar vil verte prioriter men andre kan og søke. 

Dei som søker må kunne være fleksibel til å endre arbeidstid innanfor kl 06.45 og 16.30 og arbeidsstad mellom dei 3 barnehagane.

 

Arbeidsoppgåver

Arbeid i barnehage som barne- og ungdomsarbeidar inneheld oppgåver som:

-  medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet
-  medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet 
-  medansvar for utviklingsarbeid
-  foreldresamarbeid
-  vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale
-  vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa- praktisk arbeid og tilrettelegging

Kvalifikasjonar

-  personar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget vil verte prioritert i søkndadsprosessen
-  beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2 - ha gode kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar

-  er aktiv og engasjert
-  har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
-  har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn
-  er eit godt språkleg førebilde
-  er fleksibel
-  er stabil og ansvarsbevisst
-  har evne til å ta imot rettleiing, rådgjeving og opplæring
-  har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig

Vi tilbyr
-  godt arbeidsmiljø og gode kollegaer 
-  løn i høve gjeldande avtaleverk

-  kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
-  pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Referansar
Oppgi referansar.


Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

 

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    01.01.2023
  • Stillingsfunksjon
    Vikariat
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4725663
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 09.11.2022