• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2021
  • Stillingsfunksjon
    Vikariat
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4238881
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 13.12.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Vikar - 100 % stilling

Offentlige tjenester og forvaltning

Stillingstype

Ledig 100 % vikarstilling i Gardstunet, Tomrefjord og Fiksdal barnehage frå 01.01.2022 til 31.12.2022.

Arbeidsoppgåver

Arbeid i barnehage inneheld oppgåver som:

- medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet

- medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet

- medansvar for utviklingsarbeid - foreldresamarbeid - vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale

- vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa - praktisk arbeid og tilrettelegging


Kvalifikasjonar

Vi søker etter deg som er barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar. Dersom vi ikkje får nok kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte verte tilsett.

- må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2

- må ha gode kommunikasjonsevner

- må ha førarkort

- må være fleksibel på ei arbeidstid innanfor barnehagane si opningstid kl 06.45-16.30 og at vakter kan bli flytta på ved kort varsel. Dette gjeld både type vakt og kva barnehage du skal møte på jobb.


Personlege eigenskapar

- er aktiv og engasjert

- har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling

- har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn

- er eit godt språkleg førebilde

- er fleksibel

- er stabil og ansvarsbevisst

- har evne til å ta imot rettleiing, rådgjeving og opplæring

- har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig


Vi tilbyr

- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer

- løn i høve gjeldande avtaleverk

- tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet

- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

- gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale


Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale fortløpande.


Referanser

Oppgi referanser.


Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.


Du kan lese meir om Gardstunet, Tomrefjord og Fiksdal barnehage her

 

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2021
  • Stillingsfunksjon
    Vikariat
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4238881
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 13.12.2021