Ledig stilling

Ål Kommune

Vi treng fleire folk!

Offentlig forvaltning

Vi treng fleire medarbeidarar til skulane i Ål for skuleåret 24/25.

Frå 1. august har vi ledig:

  • 2,8 stillingar lærar – vikariat i perioden 01.08.24-31.12.24, Nedre-Ål skule
  • 0,92 stilling lærar – vikariat i perioden 01.08.24-31.07.25, Nedre-Ål skule
  • 1,0 stilling lærar – vikariat i perioden 01.08.24-31.12.24, Torpo skule
  • 1,56 stilling miljørettleiar – vikariat i perioden 01.08.24-31.12.24, Nedre-Ål skule
  • 1,58 stilling fagarbeidar/assistent – vikariat i perioden 01.08.24-31.07.25, Nedre Ål skule

Før opp i søknaden kvar du ynskjer å jobbe, og i kor stor stillingsprosent.

Vi søkjer medarbeidarar som har interesse for, og aller helst erfaring med arbeid med barn og unge.  Vi ønsker medarbeidarar som brenn for å utvikle praksisnær, leikbasert, spennande og innovativ undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap.  Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg.

Kvalifikasjonar

  • Lærar: godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3. Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor.
  • Miljøretteleiar: relevant utdanning som t.d. vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom eller tilsvarande
  • Fagarbeidar/assistent: relevant fagbrev og/eller arbeidserfaring

Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som:

  • ønsker å bidra til god læring for elevane
  • er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
  • er positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt
  • ser på leik viktig og som ein god metode i undervisninga
  • ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
  • har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap

Våre medarbeidarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling på norsk.  Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

  • arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • rettleiing i to år for nyutdanna lærarar
  • engasjerte og dyktige skuleleiarar
  • skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
  • to-lærarsystem og vaksenteam med ulik fagleg bakgrunn
  • hjelp til å finne bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale

Send søknad

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. 
  • Dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. 
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Velkomen som søkjar!

 

Stillingsannonse i Hallingdølen AS
  • Ditt lokale arbeidsmarked
  • Del annonsen i eget nettverk
  • Over 100.000 CVer registrert
  • Motta alle søknader ett sted
Legg ut jobbannonse