• Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    18.02.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5520183
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
Ledig stilling

Askvoll kommune

Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar i 60% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Bu- og miljøtenesta gruppe barn og unge søkjer etter sjukepleiar/vernepleiar/ helsefagarbeidar 6O% fast stilling i 1:1 tiltak (2:1 tiltak). Stillinga er knytt til enkeltbrukar, og inneber arbeid etter 35,5 t/veke med arbeid kvar tredje helg.

Arbeidsoppgåver:

  • Direkte tenesteyting i samsvar med vedtak, dagsplanar og rutinar
  • Kartlegge behov, iverksette og evaluere tiltak
  • Utføre oppgåver i samsvar med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Medverke til fagutvikling i seksjonen
  • Medverke til utvikling av godt arbeidsmiljø
  • Delta i dagtilbod
  • Medisinansvar etter kompetanse
  • Rettleiing av kollegaer, brukarar, pårørande, studentar og elevar
  • Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverktøy, og naudsynt opplæring vil bli gjeve

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som vernepleiar, sjukepleiar eller annan relevant bachelorgrad
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant fagbrev eller utdanning
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere bil
  • Det er krav om framlagd politiattest før oppstart

Personlege eigenskapar:

  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
  • Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
  • Like utfordringar og er løysingsorientert
  • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
  • Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo

Vi tilbyr:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
  • Avtale om signeringsstipend på kr. 75 000, mot eit års bindingstid for vernepleiarar og sjukepleiarar
  • Lokalt tillegg på kr 40 000.- over garantiløn etter tariff for vernepleiarar og sjukepleiarar, og 10 000 for helsefagarbeidarar og omsorgsarbeidarar med fagbrev. Lokalt tilegg for vernepleiarar og sjukepleiarar vert ikkje aktivt før 2. tilsettingsår dersom ein inngår avtale om signeringsstipend. 
  • Tilsette som inngår individuell avtale om å arbeide to ekstra helger per halvår, som vert innarbeidd i årsturnus, får utbetalt ein bonus på kr. 10.000,- per helg. Utbetalinga kjem i tillegg til ordinær løn etter faktisk arbeida ekstra helg.
  • Pensjonsordning i KLP
  • Flyttegodtgjerdsle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune

 

Du kan søkje på fleire stillingar i helse- og omsorgsetaten ved å nemne dei i søknadsteksten og referere til utlysinga sitt referansenummer. Vi kopierer då søknaden din til dei aktuelle stillingane. Ein søknad med all dokumentasjon er nok.

 

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande.

 

  • Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    18.02.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5520183
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune