• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    08.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4689441
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 06.08.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Vi søkjer sjukepleiar til 2 x 80% fast stilling ved Heimetenesta sone sør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du den nye sjukepleiaren vår?

Er du sjukepleiar og ønskjer deg jobb med gode kollegaer og varierte oppgåver? Me søkjer etter deg som er engasjert, fleksibel og har fokus på høg kvalitet for brukarane våre.

Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd, og er inndelt i tre geografiske soner. Som sjukepleiar i heimetenesta vil du møte brukarar i alle aldrar og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. Me har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.

Vi har fått tildelt friske midlar og aukar opp bemanninga vår med nyoppretta stilling.

Det vert no lyst ut etter 2 x 80% fast stilling for sjukepleiar i heimetenesta sone sør. Sone sør har sonekontor på Skogsvåg. Stillingane ligg i årsturnus.

Rekrutteringstillegg for 100% stilling er på kr. 35 000,-

Ei stilling er ledig frå snarast, den andre stillinga er ledig frå 01.09.2022.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Yte fagleg forsvarleg teneste til brukarane
  • Kartleggje sjukepleiebehov, prioritere og iverksette tiltak
  • Dagleg miljøarbeid i eining
  • Samarbeid med pårørande
  • Arbeide tverrfagleg og dele di fagkunnskap
  • Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
  • Dokumentasjon i fagjournal

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert sjukepleiar . Dersom det ikkje melder seg søkjarar som er utdanna sjukepleiar , kan vernepleiarar verta vurdert.
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eignaheit

Andre krav:

  • Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Søkjar må ha førarkort for bil
  • Krav om framlegg av politiattest
  • Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Kompetent, open, påliteleg og engasjert
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • Gode etiske og faglege haldningar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivs med å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Anna:

  • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
  • Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
  • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit tillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    08.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4689441
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 06.08.2022