• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4331063
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 14.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Vi søkjer medarbeidar i 100% fast stilling til vårt nye Aksjonssenter - Øygarden Lokalmedisinske senter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Med etablering av Aksjonssenteret, lokalisert ved Øygarden lokalmedisinske senter, tek kommunen eit nytt og viktig steg i retning mot meir framtidsretta helse og velferdstenester! Målsetting er at ei sterkt veksande gruppa av eldre, andre med hjelpebehov og deira pårørande skal oppleva tryggleik og få lett tilgang til tenester dei treng for å kunne meistre kvardagen og kunna bu lengre heime. Aksjonssenteret vil trappast gradvis opp frå dag til døgndrift fram mot 2023. Senteret skal fasilitere og koordinera for eitt breitt nettverk av aktørar frå kommunal, privat og frivillig sektor som leverer etterspurde helse- og velferdstenester til innbyggjarane. Det er eit mål at innbyggjar skal nå Aksjonssenteret på ei rekkje ulike kanalar, til dømes telefon, chat og digitale løysingar gjennom heile døgnet.

Etablering av Aksjonssenteret er eit omfattande utviklingsprosjekt. Tilsette vil i tillegg til drift, delta i kontinuerleg utvikling av innhald i tenesteleveransen saman med andre internt tilsette og forskingspartar. Førebels er stilling på dagtid. Ein må pårekne at denne stillinga etter kvart vil inngå i døgnkontinuerleg drift.

Arbeidsoppgåver :

  • Yte service, respondere og følgje opp hendvendingar til Aksjonssenteret
  • Fylgje opp nettsider som har relevans for tenesteleveransen
  • Koordinere og fasilitere for samarbeid med privat og frivillig sektor
  • Gje råd og rettleiing til innbyggjarar, pårørande og tilsette
  • Initiere, leie og medverke i utvikling av nye tilbod som møter behov i målgruppa

 

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • 3-årig helsefagleg høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning på bachelor/masternivå
  • Kompetanse/ erfaring i prosjektleiing/ utviklingsarbeid
  • Kunnskap om kommunale tenester
  • Gode IKT kunnskapar

Ønskjeleg med:

  • Vidareutdanning innan til dømes velferdsteknologi, digital kommunikasjon, demens, frivillig arbeid, service-/tenestedesign, evt anna relevant utdanning/kurs
  • Erfaring frå samarbeid med frivillige organisasjonar og private leverandørar
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig, strukturert og stor grad av gjennomføringsevne
  • Gode kommunikasjonsevner - både munnleg og skriftleg
  • Serviceorientert og gode samarbeidsevner
  • Nysgjerrig og samfunnsengasjert
  • Fleksibel

 

Vi tilbyr:

  • Årsplanlegging av arbeidstid i turnus, inkl. langvakter på helg
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4331063
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 14.01.2022