• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    03.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4655494
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 18.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Vi søkjer helsefagarbeidar til fast helgestilling - Fjell sjukeheim

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume. Sjukeheimen har 48 pasientar, fordelt på somatisk avdeling med 40 pasientar og dementavdelinga med 8 pasientar. Somatisk avdeling har avlastningsplassar, korttidsplassar og langtidsplassar. Avdelinga har god dekning med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, leger og musikkterapeut. Pasientane får fysioterapi og ergoterapi etter behov. Det er eit godt og triveleg fagmiljø og arbeidsmiljø.

Vi har ledig 15% og 13% fast stilling på helg. Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver:

  • Helsefaglege oppgåver
  • Ivareta pasientanes individuelle behov
  • Dokumentasjon
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert helsefagarbeidar
  • Sjukepleiarstudentar eller søkjar med lang og relevant arbeidserfaring kan verte vurdert
  • Ønskjeleg med erfaring frå sjukeheim

Personlege eigenskapar:

  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
  • Serviceinnstilt
  • Fleksibel og strukturert
  • Målbevisst og resultatorientert
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive

Anna:

  • Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent vert du etter lokal avtale løna slik:  1. studieår  kr 10.000 over sentral garantiløn, 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn, 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn. Du må dokumentere kor langt du er komen i studiet.

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    03.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4655494
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 18.06.2022