• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.01.2022
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4325603
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Vi søkjer avdelingsleiar til ny korttidsavdeling - Øygarden lokalmedisinske senter

Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste.

Mai 2022 skal vi opne ei ny korttidsavdeling for 10 pasientar. Korttidsavdelinga er i kommunal regi, og er lokalisert i 2.etg. på LMS. Bemanninga i 2. etg vil i tillegg kunne bli brukt mot intermediær og korttidsavdeling, samt ØH hjelp og palliasjon i 3. etg. Målet på sikt er at denne avdelinga skal bli omgjort til ei rehabiliteringsavdeling. Avdelinga vil bestå av 21 personar i 12 årsverk.

Vi søkjer Avdelingsleiar i 100 % fast stilling til vår nye korttidsavdeling LMS 2. etg.

Avdelingsleiar vil ha ein todelt rolle. Stillinga inneber personal og fagansvar for tilsette i 2. etg. og nattevaktene, samt deler av stillinga blir knytt til fagutvikling/ rutinar for både 2.etg og 3.etg LMS. Vi treng ein trygg, synleg og tydeleg leiar som skal vere ein støttespelar for tilsette og leiarteamet ved LMS.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for drift av avdelinga
  • Fag- og personalansvar
  • Turnusarbeid
  • Rettleie og gje opplæring
  • Ta ansvar for utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg arbeid
  • Rapportering
  • Vere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklinade fagmiljø

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Autorisert sjukepleiar med erfaring frå leiing og kvalitetsarbeid
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Leiarutdanning
  • Vise til gode resultat i kvalitetsarbeid og fagutvikling
  • Kjennskap til kommunal teneste og drift
  • Kunnskap og erfaring med turnusarbeid
  • Erfaring med rettleing og undervisning
  • Erfaring med endringsarbeid
  • God forståing av lovverk som styrer tenesta

Personlege eigenskapar:

  • Du er opptatt av å forstå, utfordre, inspirere og involvere medarbeidarane
  • Du viser engasjement i arbeidet ditt
  • Du er strukturert, held orden og kan prioritere oppgåvene
  • Du må vere tolmodig og klare å stå i endringsarbeid
  • Fleksibel og vilje til å stå på. Trivs godt i eit hektisk arbeidsmiljø
  • God i møte med folk og har evne til å skape god dialog med tilsette, pårørande og pasientar
  • Du har gode IT-kunnskapar

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 
  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.01.2022
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4325603
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune