Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
04.09.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5006, BERGEN
BERGEN
Antal befattningar
1Karriere-kod
6674524Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Vi søker to nye tekniske inspektørar i Bergen
Ferger
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan grønt skifte og teknologi, og vi står i front med ein fartøysportefølje som er blant dei mest teknisk avanserte i verda. Vi har eit sterkt fokus på å vere best på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport, og no søker vi etter nye inspektørar, ein i kvart segment.
Som teknisk inspektør vil du i lag med ditt team få ansvar for ei definert portefølje. Dette betyr mellom anna at du vert ansvarleg for fartøy og ladeanlegga sin tekniske tilstand, og for at dei til ei kvar tid er teknisk operative. Du vil vere eit viktig bindeledd mellom landorganisasjonen og fartøya som er i drift. Som teknisk inspektør bistår du fartøya ved eventuelle tekniske utfordringar, styrer budsjett for fartøya og du er med å både planlegge og gjennomføre verkstadopphald.
Her treng du ikkje superkrefter men du må ha god teknisk kompetanse. Du må kunne handtere komplekse problemstillingar, og du har høg gjennomføringsevne. Du likar å jobbe sjølvstendig, og skapar gode relasjonar til kollegaer.
Som teknisk inspektør vil du inngå i eit sterkt fagleg nettverk, med kollegaer lokalisert på våre kontor i Florø, Bergen og Molde. Vi treng å styrke vårt team i Bergen, då ein kollega går av med pensjon, og ein anna kollega får nye utfordringar internt.
Har du brennande interesse og kunnskap om ny teknologi innan hurtigbåt eller ferjedrift? Då er du den vi leitar etter!
Kvalifikasjoner:
Vi ser etter ein teknisk dyktig og sjølvstendig person som har eit sterkt engasjement for kvalitet og driftssikkerheit. Du har evne til å handtere utfordringar og finne løysingar på komplekse problem. Du trivst i ei sjølvstendig rolle, men veit også at samarbeid er nøkkelen til suksess. Som teknisk inspektør hos oss vil du ta ansvar for viktige tekniske oppgåver, og vi ønskjer ein person som er proaktiv og har høg gjennomføringsevne.
For å lykkast i rolla ser vi for oss at du har:
- høgare utdanning innan tekniske fag, helst maskin, elektro eller skipsteknisk drift
- kjennskap til skip og maritim drift
- gode ferdigheiter i norsk og engelsk, både muntleg og skriftleg
- god kompetanse og er komfortabel med bruk av IT som arbeidsverktøy
- struktur og er løysingsorientert, med evne til å jobbe sjølvstendig og prioritere mellom oppgåver
- evne til å samarbeide og kommunisere effektivt med både kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar
Vi tilbyr:
Som teknisk inspektør hos Fjord1 får du moglegheita til å vere med på å forme framtida for eit av dei mest spennande og innovative selskapa innan grønn maritim transport. Du får jobbe med tekniske utfordringar på verdsleiande fartøy og tett med eit sterkt team av fagfolk. Vi tilbyr ei sjølvstendig stilling med stort ansvar, der du får ta eigne beslutningar og vere med på å sikre høg teknisk standard på våre fartøy. Hos oss får du gode moglegheiter for fagleg utvikling og vekst, og du blir ein del av eit arbeidsteam med høgt fokus på trivsel og samarbeid. Vi legg stor vekt på fleksibilitet, og hos oss får du mulighet til å påverke både arbeidsmetodar og tekniske løysingar.
Teamet i Bergen er klar til å ta imot deg! Saman med resten av gjengen i Fjord1 leverer vi tenester for samfunnskritisk infrastruktur med stoltheit. Når vi krydrar dette med gode velferdstilbod, forsikringar og blandt dei beste pensjonsordningane i marknaden, så håpar vi du blir nysgjerrig på oss!
Søk no, og bli ein viktig del av Fjord1!
Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
04.09.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5006, BERGEN
BERGEN
Antal befattningar
1Karriere-kod
6674524Se här för andra jobb från Fjord1 ASA