• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Kveld
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4665112
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 28.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Vi søker medarbeidarar til våre klubbar på Ågotnes, Rong og Straume

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med på å skape gode møteplassar for barn og unge i Øygarden?

Ungdomsklubben på Rong er ein open møteplass for elevar på 8.-10.trinn. Klubbkveldane finn stad på Øygarden ungdomsskule annan kvar onsdag kl. 18.00-20.30. På programmet står ulike spel, konkurransar og turneringar, open kiosk og kjekke utflukter.

Ungdomsklubben på Ågotnes skal vere ein møteplass etter skuletid for elevar på 8.-10.trinn. Opningstida neste skuleår blir kvar tysdag kl. 13.00-15.30 på Frihuset. På klubben kan ein kome for å spele spel, game, gjere lekser, delta i ulike kreative aktivitetar eller berre henge. Det er tilbod om gratis lunsj.

Juniorklubben på Ågotnes er ein møteplass for barn på 5.-7. trinn. Opningstida neste skuleår blir kvar onsdag kl. 17.30-20.00. På juniorklubben kan ein spele brettspel, game eller vere med på ulike kreative aktivitetar, og det er open kiosk.

Spelklubben på biblioteket på Straume
Spelklubben på biblioteket blir eit nytt tilbod frå hausten 2022. Klubben skal vere ein møteplass med fokus på ulike typar spel som brettspel, rollespel, gaming m.m. Klubben har planlagd opningstid kvar tysdag frå kl. 13.00-15.30.

Det kan også bli aktuelt med klubb på Sund Ungdomsskule.

Alle våre fritidsklubbar skal vere opne og inkluderande møteplassar med gode aktivitetstilbud. Barn og unge skal sjølv få vere med og bestemme innhaldet i klubbane. Vi skal gjennomføre kurs og workshops innan ulike kulturuttrykk, t.d. redesign, foto, musikk og gaming. Kulturskulen er ein samarbeidspartnar som vil bidra med tilbod inn i klubbane.
Frihuset på Ågotnes rommar aktivitetane til ulike frivillige organisasjonar, og ein BUA-sentral der ein kan låne seg gratis sports- og friluftsutstyr.


Ledige stillingar i klubbane:

  • 15% stilling som klubbleiar på spelklubben på Straume
  • 7% stilling som klubbmedarbeidar på Rong
  • 24% stilling som klubbleiar på Rong og Ågotnes
  • 7% stilling som klubbmedarbeidar på Ågotnes
  • 14% stilling som klubbmedarbeidar på Ågotnes


Fleire stillingar kan kombinerast.
Spesifiser i søknaden kva for stilling(ar) som er aktuell for deg.

Arbeidsoppgåver

  • Drifte og vidareutvikle klubbane i tråd med målgruppa sine ønske og behov
  • Arbeide målretta med å skape ein open og inkluderende møteplass
  • Delta i nettverksmøte for tilsette i ungdomsklubbane
  • Bidra med marknadsføring i sosiale medium og andre kanalar
  • Tilrettelegge for ulike kurs og kreative aktivitetar (gjeld særleg klubbleiarstillingar)
  • Planlegge og gjere innkjøp av matvarer, utstyr og materialar til aktivitetar (gjeld særleg klubbleiarstillingar)
  • Bidra med enkel søknadsskriving og rapporteringsarbeid (gjeld særleg klubbleiarstillingar)

Kvalifikasjonar

  • Krav om erfaring frå arbeid med barn og ungdom
  • Krav om påbyrja utdanning på universitet/høgskulenivå
  • Kunne kommunisere godt både skriftleg og munnleg
  • God digital kompetanse er ein fordel
  • Det er ønskjeleg med kjennskap til MOT sine verdiar og gjerne erfaring frå MOT i skulen
  • Kompetanse innan kunst og handtverk, musikk eller andre relevante kulturaktivitetar er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Det er krav om gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du trivst med å jobbe aktivt med målgruppa og i samarbeid med andre
  • Du kommuniserer lett og presist på ein ukomplisert måte, både skriftleg og munnleg
  • Har evne til å motivere målgruppa og skape eit godt fellesskap
  • Du er ein trygg vaksen i møte med barn og unge
  • Du har god gjennomføringsevne


Personlege eigenskapar vil bli høgt vekta

Vi tilbyr

  • Meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for barn og unge
  • Utfordrande, varierte og spanade arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt!

Rådgjevar Ung kultur – Hilde Kristin Egeland – telefon 975 85 142 hilde.egeland@oygarden.kommune.no

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Kveld
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4665112
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 28.06.2022