Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
31.07.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4665114Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 11.06.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Vi søker driftsansvarleg for BUA på Ågotnes i 50% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 115 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Øygarden kommune er ein MOT-kommune og MOT-verdiane står sentralt i kommunens arbeid.
Vil du vere med på å ta ansvar for drift av BUA på Ågotnes?
BUA er ein nasjonal ideell organisasjon som jobbar for at born og unge skal få moglegheit til å prøve fleire og meir varierte aktivitetar. Øygarden kommune har forløpig ein BUA- ordning plassert på Ågotnes. BUA ordninga gjøre det enkelt for innbyggjarane å låne utstyr til sport og friluftsliv.
Arbeidsoppgåver:
- Betene BUA i opningstida – låne ut og ta imot utstyr
- Svare på eposter/telefon og halde oversikt over reservasjonene
- Sjekke utstyr og sørge for vedlikehald
- Vera lokal administrator i utlånssystemet og på sosiale media
- Marknadsføre BUA lokalt i kommunen
- Samarbeida med lokale partnarar om vedlikehald og aktivitetar
- Bestille nytt utstyr og registrere det i systemet
- Søkje tilskot i dei ulike tilskotsordningar for nytt utstyr og rapportera
- Delta i nettverkssamlingar og kurs i BUA systemet
Bua driftas av to medarbeidere. Opningstid for publikum er tysdag og torsdag kl. 15-20.00
Denne stillinga skal holde opningstida på tysdagar, med arbeidstid kl 12.30-20.00. Resten av arbeidstida er på dagtid i vekedagene
Kvalifikasjonar:
- Ønskjeleg med Bachelor i kulturrelaterte fag
- Må vere serviceinnstilt
- Kunne kommunisere godt både skriftleg og munnleg
- Vere ryddig og strukturert i drift av BUA lageret
- Ønskjeleg med erfaring i drift av BUA
Personlege eigenskapar:
- Du trivst med å jobbe aktivt med målgruppa og i samarbeid med andre
- Du kommuniserer lett og presist på ein ukomplisert måte, både skriftleg og munnleg
- Du har god gjennomføringsevne
Personlege eigenskapar vil bli høgt vekta
Anna:
- 50% midlertidig ett år med driftsansvar for BUA
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for innbyggjarane
- Samlokalisering med Ågotnes ungdomsklubb på Frihuset, eit aktivt miljø
- Godt arbeidsmiljø
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
31.07.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4665114Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 11.06.2022