• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    28.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6013, ÅLESUND
    ÅLESUND
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6624844
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Vi søker dekkssjef/overstyrmann

Ferger

Fjord1 har ledig stilling som overstyrmann i sambandet Sykkylven-Magerholm, p.t. MF Rovdehorn.

Hos Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap med moderne fartøy. Vi har  fokus på miljø og teknologi, og tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar. Skiftordning: 2 veker på, og 1 veke av / 2 veker på, og 3 veker av. 

Dette er ei stilling med ansvar og moglegheiter til å å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med både kollegaer ombord og på land. Du vil vere leiar av dekksavdelinga om bord. 

Søkjar må bu lokalt. Oppstart mai 2026. 

Kvalifikasjoner:

  • Minimum D3-sertifikat 
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlige egenskaper:

    Vi søkjer ein erfaren og ansvarsbevisst dekkssjef/overstyrmann med gode leiaregenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysningsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriver deg, så tek vi med glede imot søknad frå deg. 

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
  • Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Attrakive velferdsordningar; firmahytter, leiligheter og gode rabattordningar
  • Skiftordning: 2 veker på og 1 veke av/2 veker på og 3 veker av. 
 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    28.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6013, ÅLESUND
    ÅLESUND
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6624844
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA