• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3209710
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 20.10.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Vi har ledig faste helgestillingar!

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig to faste helgestillingar i turnus med arbeid kvar 3. eller 4. helg. 

Om Habiliteringstenester

Habiliteringsteneter i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne,  blant anna utviklingshemming eller autismespekterlidingar. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.

Stillingsinformasjon

Me har for tida fleire ledige helgestillingar i bufellesskap, avlastingstenesta og i ambulerande tenester. Det er ledige stillingarpå Manger, på Frekhaug og i Knarvik. Dersom du har ønskjer om å arbeide på ein av stadene så oppgi dette i søknaden.

Helgestillingane arbeider kvar 3. eller 4. helg, både med vanlege vakter på 7 – 7,5 t eller langvakter på inntil 12,5 timar. Nokre av stillingane har også arbeid fredag kveld. Dette utgjer ein stillingsstorleik frå ca 15 % til ca 30%. Arbeidet passar godt for studentar innan helse-, sosial- og pedagogiske utdanningar

Arbeidsoppgåver

  • Hjelp, rettleiing og helsehjelp
  • Veilede og hjelpe tenestemotakarar i daglege oppgåver
  • Legge til rette for gode opplevingar og aktivitet på fritida
  • Dokumentasjon av tenesteytinga i Profil

Kompetanse

  • Helsfagarbeidarutdanning og/eller erfaring med arbeid med menneske
  • God norsk skriftleg og munnleg fomidlingsevne
  • Førarkort klasse B

Personlege eienskapar 

  • Du er inspirerande og evner til å motivera til aktivitet
  • Du har gode sosiale evner og godt humør
  • Du har evne til å etablere gode relasjonar med tenesteytarar og kollegaer
  • Du er engasjert 

Vi tilbyr

  • Eit arbeidsmiljø prega av samhald, godt humør og eit sterkt engasjement for tenestemottakarane
  • Varierte, spennande og utfordrande oppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Pensjonsordning gjennom KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til tiltredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3209710
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 20.10.2020