• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    30.06.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5787424
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 19.06.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Vi har ledige stillingar ved skjerma eining

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å forme framtidas eldreomsorg? Då ønsker vi deg som kollega ved Førde omsorgssenter!

Vi er eit moderne omsorgssenter med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar i eit godt fagmiljø. Hjå oss vil du få nytte fagkompetansen din gjennom ansvar og spennande oppgåver. Du vil få mogelegheit for å gå i ein turnusordning med bruk av langvakter som gjev lengre friperiodar.

Førde omsorgssenter er eit «levande» senter som består av 3 einingar; korttidseining, langtidseining og skjerma eining. Vi samhandlar med mellom anna fysio/ergo, aktivitør og eigen lege på senteret. 

Skjerma eining består av ein lukka avdeling og ein open avdeling, og det er totalt 28 plasser. 

Vi er framtidsretta og har fokus på fagleg kvalitet. Dette er arbeidsplassen for deg som ønskjer høg grad av fagleg utvikling, likar varierte oppgåver, er sjølvstendig og trivast med utfordringar.

Vi har ledige stillingar:


Stilling 1: Vernepleiar/sjukepleiar.
Fast 100 % stilling frå snarast.

Stilling 2: Helsefagarbeider. Fast 100 % stilling frå snarast.

Stilling 3: Helsefagarbeider. Fast 80 % stilling frå snarast.

Stilling 4: Helsefagarbeider. Fast 100 % frå 01.09.2024.

Stilling 5: Helsefagarbeidar. Fast 100 % frå 01.09.2024.

Stilling 6: Helgestilling - sjukepleiar/ helsefagarbeidar. Fast. 14 % - 20 % frå 01.08.2024. 

Stillingane er for tida organisert i turnus med arbeid dag/kveld/natt, samt kvar 3 helg. Eininga har innført langvakter og det kan bli høve til å arbeide langvakter der ein legg til rette for langfri. Dette etter avtale.

Helgestilling er organisert med dag/sein, evt natt.

Kvalifikasjonskrav:
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Fagbrev helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • IKT-kunnskap
  • Godkjent politiattest

 Vidareutdanning innan demensomsorg, lindrande behandling/palliasjon, rettleiing, legemiddelhandtering og velferdsteknologi, samt erfaring som ressurssjukepleiar vil vere ein fordel.

 Dersom det ikkje melder seg søkjarar med relevant utdanning til stillingane kan andre med erfaring og interesse for eldreomsorg søkje. Ein vil då få tilbod om midlertidig stilling.

Du er:
  • motivert for å arbeide med menneske
  • evner å tileigne deg ny kunnskap
  • engasjert og kan arbeide sjølvstendig
  • god på samarbeid og til å delegere oppgåver
  • oppteken av gode relasjonar og pasientnær omsorg
  • ansvarsbevisst og løysingsorientert      
  • fleksibel og likar utfordringar
  • positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
  • 20 000,- som rekrutterings- og stabiliseringstillegg for sjukepleiar i 100 % stilling
  • 7 000,- som rekrutterings- og stabiliseringstillegg for helsefagarbeidar i 100% stilling
  • eigen lønsstige for studentar i sjukepleie og vernepleie
  • kompensasjon for rettleiing av sjukepleiarstudentar
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning ved 15-60 studiepoeng
  • mogelegheit for langvakter med arbeid kvar 4.helg
  • engasjerte kollegaer og leiarar
Vi søker deg som: 
  • har motivasjon for å jobbe innan eldreomsorga og evne til å tileigne deg ny kunnskap.
  • er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
  • fungerer godt i team og har evne til å delegere oppgåver
  • likar å jobbe i relasjon med menneske og verer oppteken av aktiv omsorg
  • er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • er fleksibel og likar utfordringar 
  • bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø 
  • tenkjer nytt og bidreg til utvikling av tenesta
Arbeidsoppgåver: 

Utføre praktiske oppgåver, observere tilstand og behov hos brukar.
Samarbeide med brukarar, pårørande, fastlege og spesialisthelsetenesta. 
Veilede og undervise kollegaer, studentar og elevar. 
Bidra aktivt til eit helsefremjande miljø. 
Samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan helse og omsorgssektor. 
Ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet cosdoc.


Håpar dette verkar interessant!

Ta gjerne kontakt!

Du søker elektronisk.
Søknadane må innehalde referansar.

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    30.06.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5787424
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 19.06.2024