• Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    30.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6718, DEKNEPOLLEN
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4727509
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 02.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Mattilsynet

Veterinær - førsteinspektør

Direktorater og tilsynsorgan

Når du jobbar i Mattilsynet, jobbar du for økt dyrevelferd for alle dyr. Din innsats kan bidra til at intet mindre enn 1,1 millioner sau, nærmere 900 000 storfe og hundrevis av millionar laks får betre kår her til lands. Med deg i dette arbeidet får du 1250 fagleg dyktige kollegar, som er klare til å inspirere, opplyse, utfordre og støtte deg.

Hos oss vil du jobbe side om side med ekspertar på alt frå dyrehelse til dyrevelferd, plantevern og trygg matproduksjon samt jus, forvaltning og kommunikasjon.  
Du deler kanskje vår oppfatning om at dyrevelferd er eit fagområde som til stadighet må vidareutviklast. Vi jobbar derfor ikkje bare med forvaltning, men også utvikling av regelverket. Det gjer vi i dialog med dyreeigare, næringsorganisasjonar og offentlege instansar. Hos oss vil du kunne bidra positivt med din kompetanse.  
Du vil få ein variert arbeidskvardag, jobbe både på kontor, på slakteri og ute i felten, og jobbe med eit omfattande regelverk. Sjølv om nokre saker kan vere like på mange vis, er ingen av dei heilt like. Det er derfor viktig at du har god rolleforståing, og vurdere sakene forholdsmessig. 

 Denne jobben krev stor innsats og ikkje reint lite pågangsmot i ei langsiktig satsing. Den utfordringa er vi klare til å ta, og vi håpar du har lyst til å vere med. 

Avdeling Nordfjord har har totalt 16 tilsette. Avdelinga har eit rikt mangfald av oppgåver, innan t.d. husdyrhald, akvakultur, plantetilsyn, drikkevatn, import, eksport, næringsmiddel og omsetning. Tilsynsarbeid er knytta til kommunane Stad, Bremanger, Gloppen, Stryn og nordredel av Kinn. Vi har ledig stilling som veterinær med kontorstad i Deknepollen eller i Loen. Stillinga er primært med tilsynsoppgåver innan dyrehelse og dyrevelferd. 

Kvalifikasjoner:

Du forstår rolla di godt, og evnar difor å gjere gode og forholdsmessige vurderingar i forvaltninga av regelverket 
Du må klare å kombinere samarbeid internt og på tvers av fagområder og å greie å jobbe sjølvstendig
Du må vere god til å rettleie og formidle det komplekse på ein forståeleg måte, òg å finne løysingar
Du må kunne takla ein hektisk kvardag og vere god til å prioritere oppgåver
I ein variert kvardag må du både kunne planlegge godt, men også kunne tilpasse deg endringar 

 

Om du er personleg skikka og korleis du vil passe inn i teamet er ein viktig del av vurderinga vår, slik at vi saman får løyst samfunnsoppdraget vårt. 

 

Kva bakgrunn har du

Du må vere veterinær med norsk autorisasjon 
Du er gjerne offentleg veterinær og med studieretning for produksjonsdyr og mattryggleik, men det er ikkje eit krav for stillinga. 

Det er bra om du har erfaring frå offentleg forvaltning, tilsynsarbeid eller anna relevant arbeid, men nyutdanna kan også søkje.
Sidan du skal kommunisere med næringa om dels vanskelege tema, er det viktig at du har god framstillingsevne på norsk, både skriftleg og munnleg
Du har evne til å tilpasse deg nye digitale løysingar
Du må ha førerkort klasse B

Personlige egenskaper:

Kva får du hos oss

Vi tilbyr:

Ein fagleg interessant og meiningsfullt arbeid med høve til å forbetre dyrs kvardag.

Eit tverrfagleg fellesskap og støttande arbeidsmiljø med fleksibel arbeidstid.

Stillinga er løna i stillingskode1498, førsteinspektør / stillingskode 1499, seniorinspektør frå kr. 550.000 avhengig av kvalifikasjonar. 

Gunstige pensjons- og lånevilkår gjennom Statens Pensjonskasse. 

Det er mogleg med heimekontor nokre dagar i veka.

 

Slik søkjer du
Søknader vert berre motteken elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden.              
Vi ber om at du registrerer fullstendig CV, og laster inn vitnemål og attestar som vedlegg.
Ver venleg å oppgje referansar i søknaden.

 

  • Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    30.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6718, DEKNEPOLLEN
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4727509
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 02.11.2022