• Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    17.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6718, DEKNEPOLLEN
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3653298
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 09.04.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Mattilsynet

Veterinær - førsteinspektør

Offentlige tjenester og forvaltning

Mattilsynet er ein kunnskapsorganisasjon som legg stor vekt på kompetanseutvikling og å dele kunnskap på tvers av fagområde. Sentralt i organisasjonen står teamarbeid og medarbeiderskap. Som medarbeidar i Mattilsynet får du fagleg utvikling og kan påverke eigen arbeidssituasjon. I stillinga kan du som veterinær bruke dine fagkunnskapar til å vurdere og forbetre dyrs levevilkår.  Mattilsynet er ein viktig samfunnsaktør og må heile tida vere i endring for å takle nye utfordringar. Arbeidsdagen din er fleksibel, og du er vel så mykje ute i felt som på kontoret. Rundt deg har du eit tverrfagleg og støttande arbeidsmiljø.

Region Sør og Vest omfatta fylka Vestland, Rogaland og Agder. Avdeling Nordfjord har kontor i Måløy og i Loen og har totalt 16 tilsette. Avdelinga har eit rikt mangfald av oppgåver, innan t.d. husdyrhald, akvakultur, plantetilsyn, drikkevatn, import, eksport, bearbeiding av næringsmiddel og omsetning. Vi har ledig eit års vikariat som veterinær med kontorstad i Måløy eller i Loen. Stillinga er primært tilsynsoppgåver innan dyrehelse og dyrevelferd. 

Arbeidsoppgaver:

Du vurderer og forbetrer dyrs helse og velferd gjennom å føre tilsyn. Det betyr at du reiser rundt og observerer produksjonsdyr og kjæledyr, tar ut prøver, handterer sjukdomsutbrot og rettleiar dyreeigar. Du handsamar saker etter gjeldande regelverk, deltar i møte og skriv rapportar.

Du er klar til å rykke ut når det oppstår hendingar som krev det, for eksempel alvorlege sjukdomsutbrot.  

Du har også oppgåver med førebygging, opplysning og rettleiing overfor verksemder, bønder og dyrevernarar.

Andre oppgåver innafor fagområdet som veterinær er aktuelt.   

Kvalifikasjoner:

Du er veterinær med norsk autorisasjon. 

Det er bra om du har erfaring frå offentleg forvaltning, tilsynsarbeid eller anna relevant arbeid, men nyutdanna kan også søkje.
Kunnskap og erfaring frå eit eller fleire av etatens fagområder er ein fordel.

Du snakkar og skrive flytande norsk.

Du er fortruleg med å bruke IKT-verktøy og å ta i bruk nye digitale løysingar.     

Du har førarkort i klasse B.  

Personlige egenskaper:

Du er glad i dyr og liker å treffe mennesker og har evne til å observere, lytte og bygge tillit.

Du kommuniserer klart og tydeleg, og bruker fagkunnskapen din på ein relevant og konkret måte. Samtidig som du tar avgjersle til dyr sitt beste.

Du jobber effektivt, har god produksjon og takler varierte dagar.

Du samarbeider godt med arbeidskollegar og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr:

Ein fagleg interessant og meiningsfullt arbeid med høve til å forbetre dyrs kvardag.

Eit tverrfagleg fellesskap og støttande arbeidsmiljø med fleksibel arbeidstid.

Stillinga er løna i st.kode 1498, førsteinspektør p.t. kr. 500.000 - 580.000 per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar med lang relevant praksis, kan stilling som seniorinspektør, kode 1499 og høgare løn bli vurdert.

Gunstige pensjons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse. Du har rettar i samsvar med statleg regelverk og tariffavtalar. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Pensjonskassen.

Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidater til å søkje jobb i Mattilsynet uavhengig av alder, redusert funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

 

Slik søkjer du
Søknader vert berre motteken elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden.              

Vi ber om at du registrerer fullstendig CV, og laster inn vitnemål og attestar som vedlegg.

Ver venleg å oppgje referansar i søknaden.

 

  • Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    17.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6718, DEKNEPOLLEN
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3653298
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 09.04.2021