• Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    31.03.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5630247
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
  • Oppdatert 09.03.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sula kommune

Vernepleiar - vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!


Bukollektiva har ledig vikariat i 93% stilling for vernepleiar ved Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28 i samband med at ein våre tilsette skal ha svangerskapspermisjon.  Arbeid på dagtid i vekedager på Seniorsenteret kombinert med arbeid kvar 3. helg ved Sloghaugvegen 28. Vikariatet er ledig frå 1. juli 2024, evt anna dato for oppstart etter avtale. 

Vi søker primært etter vernepleiar, men opner for at andre og kan søke.

Søknadsfrist 31. mars

I Bukollektiva arbeider vi for å skape tryggleik for bebuarar og pårørande, gi omsorg og skape gode rammer basert på faglege vurderingar. Vi arbeider aktivt for å skape gode arbeidsmiljø og har fagleg fokus.

Seniorsenteret er dagsenter for heimebuande eldre og er ope 4 dager/veke. Det er fokus på aktivisering, relasjonsbygging, trivsel og å skape ein god arena for tenestemottakarane. 

Ved Sloghaugvegen 28 har vi to avdelingar med 8 bebuarar i kvar avdeling. Bebuarane har samansett sjukdomsbilete og har behov for heildøgns omsorg. Det er nært samarbeid mellom avdelingane både fagleg og sosialt.

Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28 er lokalisert i same bygg og det er nært samarbeid.

Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!

 

Kvalifikasjoner:

  • Autorisasjon som vernepleiar
  • Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad
  • Gode datakunnskaper

Personlige egenskaper:

Vi søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert,kreativ, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø. Du har ei genuin interesse for eldreomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for tenestemottakarane, kollegaer og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel både med kollegaer og tenestemottakarar. 

Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.

Personlege eigenskaper vert vektlagt. 

Vi tilbyr:

  • Inkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer 
  • God opplæring og nær-ledelse 
  • Fokus på god eldreomsorg og fagleg utvikling 
  • Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper 
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

 

Oppgi referanser
Krav om politiattest

    

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    31.03.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5630247
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
  • Oppdatert 09.03.2024