Ledig stilling

Ål Kommune

Vernepleiar / sjukepleiar / miljøterapeut – fleksibel arbeidstidsordning og arbeidskvardag

Offentlig forvaltning

Ønskjer du ein spennande kvardag med gode kollegaer og varierte arbeidsoppgåver?

Har du interesse for, og kunnskap om psykisk helse og lett/moderat utviklingshemming? 

Me søkjer deg som likar å jobbe med menneske, som er dyktig til å bygge relasjonar og som spreier livsglede til folka omkring deg. Du ønskjer å vere ein aktiv bidragsytar til kunnskapsbasert praksis og utvikle eigen arbeidsplass.

Er du nyutdanna, er du velkomen til å søkje - me tek godt i mot nytilsette - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing. 

Me har ledige stillingar som vernepleiar / sjukepleiar / miljøterapeut.

Avdeling 1 i Miljøterapitenesta gir tenester til heimebuande, tenester til avlastning, dagtilbod og pårørandestøtte. Me har eit aukande behov i tenestene, og treng derfor fleire tilsette inn i vår avdeling. Me har fokus på individuelt tilrettelagte tenester med vekt på meistring, sjølvbestemming og god livskvalitet. 

Me tilbyr

Inntil 100 % fast stilling med tilbod om langvakter, der dei fleste vaktene med 12,5 timer, arbeid kvar 3. helg, gode friperiodar  eller konsentrert jobbing med ordinær vaktlengde og lengre friperiodar. Gjennom kalenderplanlegging og forhandling, kan få til ein tilpassa turnus over 4 månader.  Det er organisert eigen nattevaktsturnus.

Som tilsett i Ål kommune blir du en del av eit team som legg vekt på fagleg kvalitet. Hjå oss får du høve til å arbeide i eit tverrfagleg, innovative fagmiljø som stadig er i utvikling. Her er du garantert ein variert og spanande jobb. Du har gode kollegaer rundt deg som står klar for å hjelpe og støtte deg.

Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning. Ellers har me:

  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling
  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av hovudtariffavtala og pensjonsordning i KLP
  • rekruttere og behaldetillegg
  • tilrettelagde og gode lokale
  • fadder på jobb og fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål
  • rabattert pris på treningssenter

Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv.

Vil du vite meir om å flytte, bu og jobbe i Ål? Meir info finn du på vår heimeside.

 Arbeidsoppgåver er mellom anna:

  • å gje heilskapleg og individuell helse og omsorgstenester gjennom tett tverrfagleg samarbeid, samt tett og godt samarbeid mellom brukarar og pårørande
  • å sikre god brukarmedverknad, med fokus på bebuarane sine ressursar, meistring og god livskvalitet
  • målretta miljøarbeid og legge til rette for eigen meistring, opplæring og trening
  • å vedlikehalde ferdigheitar og etablere nye ferdigheitar
  • ta initiativ til aktivitet, skape glede og den gode samtale med bebuaren
  • praktiske og administrative oppgåver tilknytt brukarane og oppfølging av Helse og omsorgstjenestelova kap.9 og legemidelhandtering
  • å rapportere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk og aktivt bidra til å sikre individuelle, faglege og etisk forsvarlege tenester
  • å vere ein aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper, samt rettleie studentar, elevar og medarbeidarar

Det som kjenneteiknar deg er at du:

  • har brukarfokus
  • er raus, fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytetenking
  • prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit
  • likar å jobbe i team så vel som sjølvstendig
  • kan være i fysisk aktivitet
  • har evne til å ta imot rettleiing 

 Det er ønskjeleg at du har:

  • norsk autorisasjon som vernepleier/sjukepleiar. Andre med 3- årig relevant høgskuleutdanning vil også bli vurdert.
  • gode norskkunnskapar (minimum B2-nivå) og datakunnskapar
  • førarkort klasse B
  • kunnskap om gjeldende lov- og avtaleverk
  • kjennskap til diagnoser og miljøterapeutiske tiltak
  • erfaring med å gi tjenester til mennesker med psykisk utviklingshemming og psykiske lidelser

Politiattest og søknad

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!

 

 

Stillingsannonse i Hallingdølen AS
  • Ditt lokale arbeidsmarked
  • Del annonsen i eget nettverk
  • Over 100.000 CVer registrert
  • Motta alle søknader ett sted
Legg ut jobbannonse