Ledigt jobb

Surnadal kommune

Vernepleiar/sjukepleiar: 100% fast stilling og årsvikariat 100% stilling

Brannvesen

Vi har ledig ei fast 100% stiling og eit vikariat i eit år i 100%. 
Det er ønske om å tilsette i 100% stilling, men om det er 80% som er aktuelt kan det vere mogleg.

Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om mellom anna helsehjelp,praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov.
Målet er å bidra med helsehjelp og godt miljøarbeid slik at kvar enkelt opplever å vere trygg og ha best mogleg livskvalitet.

Arbeidsoppgåver:

  • Miljøarbeid og praktisk bistand etter gjeldande retningslinjer
  • Rapportere og dokuementere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
  • Kollegaveiledning og å bidra til fagleg utvikling i eininga
  • Legemiddelhandtering
  • Samarbeid med pårørande, verger og andre samarbeidspartar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Administrative oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
  • Erfaring med og interesse for brukargruppa
  • Gode datakunnskapar
  • Evne til å jobbe stølvstendig og i team

Personlege eigenskapar vi sett høgt og legg vekt på:

  • Ansvarsbevisst, påliteleg og nøyaktig
  • Sett brukarane sine ønske og behov i fokus
  • Evne til å arbeide planmessig og systematisk og med god gjennomføringsevne
  • Gode omsorgs- og samarbeidsevner
  • Er opptatt av å søke nye løysingar og ny kunnskap

Tilsettingsvilkår:
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Du må ha førarkort kl.B.

Hos oss får du:

- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer

- gode pensjons- og forsikringsordningar

- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff