• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    21.03.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4339363
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 11.03.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Vernepleiar/sjukepleiar - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Kvasten avlastningsbustad har ledig ein 100 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar frå 01.03.2022. Stillinga inneber arbeid med kvar 3. helg.  

Om Habiliteringstenester i Alver kommune

Habiliteringstjenester i Alver kommune gir tjenester til personer med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gitt som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.

Om Kvasten avlastningsbustad 

Kvasten avlastingsbustad gjev vi tilbod til ca 20 born og unge, i tillegg til at vi bistår på natt i ein privat heim. På grunn av ulike hjelpebehov har vi alt frå 1 til 4 nattevaktar på jobb. 

I avlastningsavdelinga jobbar vi for å skape eit trygt og godt butilbod til born og unge med ulike hjelpebehov. Det er difor viktig at du trivast i arbeid med born og unge, er serviceinnstilt, men også at du er ein tydeleg og trygg vaksen. Me håpar at du vil vera med på å gjere avlastningsopphaldet trygt og godt for mottakarane av tenestene våre. 

I Kvasten arbeider det mange ulike yrkesgrupper som utfyller kvarandre fagleg. Vi treng å styrke den medisinske biten og ønskjer difor ein sjuke- eller vernepleiar som er god på å følgje opp og ta ansvar for medikamenthåndteringa. I tillegg vil di få eit særleg ansvar ovanfor eit born der ein treng ekstra koordinering og rettleiing. 

Me håpar at du vil vera med på å gjere avlastningsopphaldet trygt og godt for mottakarane av tenestene våre.

Arbeidsoppgåver

  • Yte tenester i form av hjelp og rettleiing til bebuarane etter vedtak
  • Sikre at brukarar får eit trygt og fagleg forsvarlig avlastningsopphald
  • Sikre god og forsvarleg medikamenthandtering 
  • Delta på samarbeids- og personalmøter
  • Dokumentere og rappotere i tråd med gjeldande rutinar
  • Sikre gode overlappingsrutiner

Kompetansekrav

  • Offentleg godkjend vernepleiar eller sjukepleiar. 
  • Førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar vert vektlagt. 

Ønskt kompetanse

  • Bør ha kjennskap til epilepsi
  • Erfaring med born og unge med nedsett funksjonsevne er ønskjeleg
  • Kjennskap til lov om kommunale helse og omsorgstenester, kap. 9 
  • Gode datakunnskapar 
  • Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt 
  • Evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til bebuarar, pårørande og kolleger 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne 

Vi tilbyr

Gode pensjonsordningar
Meiningsfulle oppgåver og godt arbeidsmiljø 
Løn etter tariffavtale  

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    21.03.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4339363
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 11.03.2022