Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
02.12.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6465681Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Vernepleiar/miljøterapeut 100% fast, Kolltveit skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Kolltveit skule er ein fulldelt barneskule med om lag 250 elevar fordelt på 14 klassar. Skulen ligg sentralt i Øygarden kommune på Kolltveit om lag 5 minutt med bil aust for Straume. Skulen har gjennomført ei ombygging som har gjort skulen meir tilpassa og moderne. Vidare satsar skulen på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt kollegafellesskap.
Arbeidsoppgåver:
- Helsefaglege oppgåver knytt til born med særlege behov.
- Miljøterapeutisk arbeid knytt til elevar med sosiale og emosjonelle behov.
- Generelt læringsmiljøabeid på skulen.
- Foreldresamarbeid og teamarbeid.
- Planleggje og gjennomføre aktivitetar i skule og skulefritidsordning.
- Arbeid på Ferie-SFO
- Vernepleie eller anna relevant høgskule/universitetsutdanning
- Ønskjeleg med kompetanse og erfaring med bruk av teikn til tale/ASK
- Interesse for digitale læringsverktøy
- Erfaring frå arbeid med born med særlege behov i skulen.
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
- God arbeidskapasitet
- Fleksibel
- God evne til å byggje relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- God evne til å løyse komplekse utfordringar
- Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
02.12.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6465681Se her for andre jobber fra Øygarden kommune