Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
18.09.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5337101Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 31.08.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Vernepleiar/miljøterapeut - 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut ved Kvernhusmyrane bufellesskap. Vi søkjer fortrinnsvis deg som er autorisert vernepleiar, men er og på utkikk etter deg som har helse- og sosialfagleg eller pedagogisk høgskuleutdanning som er godt skikka for stillinga. Arbeidstida vil vere i todelt turnus i veka og langvakter kvar 4. helg.
Om Kvernhusmyrane bufellesskap
Kvernhusmyrane bufellesskap ligg sentralt i Knarvik, og er bustaden til 6 personar med utviklingshemming. Vårt mål er å gje tilpassa tenester med mål om at den einskilde person skal oppleve meistring og sjølvbestemmelse, og å få rett hjelp og støtte for å kunne leve eit godt liv. For å få dette til treng vi ein miljøterapeut med engasjement og pågangsmot.
Arbeidsoppgåver
- Fagutvikling og kvalitetssikring av tenestene, - igangsetting, oppfølging og evaluering av tiltak
- Primærkontaktoppgåver
- Rettleiing og opplæring av kollegaer og studentar
- Yte tenester i form av hjelp og rettleiing til bebuarane, etter vedtak
- Oppgåver delegert frå leiar
- Dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande rutinar
- Samarbeid med legar og spesialisthelsetenesta
- Pårørandesamarbeid
Kompetansekrav
- 3-årig helse- og/eller sosialfagleg, eller pedagogisk høgskuleutdanning - fortrinnsvis autorisert vernepleiar
- Førarkort klasse B
I særlege tilfelle kan relevant realkompetanse og personleg eignaheit for stillinga erstatte kravet om vernepleiar.
Ønska kompetanse
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode digitale kunnskapar
- Liker å vere ute
- Gode kunnskaper og brei erfaring frå målretta miljøarbeid
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som brenn litt ekstra for faget, og kan vere ein pådriver i det målretta miljøarbeidet. Du har eit stort engasjement for faget og brukargruppa, og du har evne til empati, og til å sjå den einskilde brukar. Vi treng deg som kan takle andre personar sine utfordringar og møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt. I tillegg har du evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til bebuarar og kollegaer. Som kollega kan du by på deg sjølv og bidra til eit godt arbeidsmiljø. I ein travel kvardag har du evne til å prioritere å få arbeidet unna, og du har gode samarbeidsevner. Av omsyn til oppgåvenes art er det eit føremot at du har god fysisk og psykisk helse.
Det vert lagt avgjerande vekt på personleg eignaheit for stillinga.
Vi tilbyr
Løn etter tariffavtale
Pensjonsordning frå KLP
Personleg og fagleg utvikling
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
18.09.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5337101Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 31.08.2023